Hopp til innhold

Vil tvinga drosjesjåførar til å kvila

Drosjesjåførar er ikkje som andre yrkessjåførar. Dei treng nemleg ikkje å følga reglane for køyre- og kviletid.

Hugo Birkeland

TAR ANSVAR: Drosjesjåfør Hugo Birkeland meiner at han sjølv tar ansvar for å kvila nok.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Dei kan jo halda på heile døgnet, seier leiar i Sogn og Fjordane Transportarbeidarforeining, Inge-Johan Kirketeig.

– Det verkar litt rart at drosjesjåførar ikkje har same krav til køyre- og kviletid. Dei har jo i oppgåve å frakta folk slik som vi som køyrer buss.

Er du buss- eller lastebilsjåfør, må du kvila når reglane seier at du skal kvila. For eksempel, har du køyrt i fire og ein halv time, så må du kvila i tre kvarter.

Er du drosjesjåfør som eig din eigen drosje, kan du køyra så lenge du vil. Dette gjeld så lenge drosjen din er lettare enn ein lastebil og tar færre passasjerar enn ein buss. Drosjar treng nemleg ikkje følga regelverket for køyre- og kviletid.

I tillegg er drosjeeigarar sjølvstendig næringsdrivande, og dei treng derfor ikkje halda seg innanfor grensene som Arbeidsmiljøloven set for kvile.

Hugo Birkeland

TRENG FLEKSIBILITET: Hugo Birkeland meiner det ville vore tungvint for drosjesjåførar å måtta følga regelverket for køyre- og kviletid.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Det einaste drosjeeigarane treng å forholda seg til er Vegtrafikkloven. Dersom ein kvar bilist – inkludert taxisjåførar – er for sliten eller trøtt til å køyra, så skal ein ikkje køyra.

Drosjesjåførar tar sjølv ansvar for kvile

Hugo Birkeland er drosjeeigar og -sjåfør. Han meiner dei sjølv tar ansvar for å få nok kvile.

– Me har ulike vakter – nattevakter og dagvakter. Og det er jo nødvendigvis ikkje dei same sjåførane som køyrer dei. Me har delt opp i skift. Sjølvsagt kan det nokon gonger bli litt fleire timar enn normalen, men då tar du det att med at du tar fri dagen etter.

Vidare meiner Birkeland at taxisjåførar ikkje bør gå inn under reglane for køyre- og kviletid. Dei treng nemleg å vera fleksible.

– Eg forstår at Transportarbeiderforeininga er uroa, men då kunne dei gjerne fått lov til å koma og sjå på systemet. Sjå på korleis me må jobba kontra dei som køyrer buss og lastebil. Då trur eg kanskje dei hadde hatt ei betre forståing.

– Dei kan sovna

Kirketeig i Transportarbeidarforeininga meiner det er fare for at taxisjåførane blir for trøytte.

– Eg tippar taxisjåførar køyrer mykje for å justera løna si. Dei kan sovna. Dei pliktar å vera opplagde når dei skal gjera ein jobb, og me høyrer jo historier om at dei ikkje alltid er det.

Taxi

SLEPP UNNA: Reglane for køyre- og kviletid gjeld for lastebilar og bussar, men ikkje for taxiar.

Foto: Steinar Daltveit / NRK