Hopp til innhold

Elisabeth (38) er rugby-veteran - no håpar ho på OL-billett

Elisabeth Berentzen frå Florø er som veteran å rekne på Norges rugbylandslag for kvinner. I helga deltek ho i sitt tiande EM. Og gjer dei det godt nok, er dei godt på veg til OL i Rio 2016.

Elisabeth Berentzen

GOD OPPLADING: Elisabeth Berentzen fortel at landslaget er godt budde framfor EM.

Foto: Reuel Cataylo

– Det er klart det er ein draum å få bli med til OL for å spele rugby, seier Berentzen.

Når OL går av stabelen i Rio, er det første gong med 7ar rugby som øving. Og det vil gjerne Berentzen vere med på.

– Gjer vi det bra i helga og kjem opp i neste gruppe, så er vi nesten sikre på å få vere med å kjempe om ein OL-billett, seier Berentzen.

Dei to beste laga i EM får moglegheit til å delta i vidare kvalifiseringsspel til OL.

Spelte sin første kamp etter ti minutt opplæring

Landslagsveteranen har spelt rugby sidan ho vart kjend med idretten då ho studerte i Australia i 1999. Men første møtet med rugby tilsa ikkje akkurat at det var denne idretten ho skulle satse på.

– Nei, første gong eg såg rugby, då var det 15-mannslag som spelte, så tykte eg heile greia var teit. Eg forstod ikkje det grann, og tykte det var både valdeleg og dumt, fortel Berentzen.

Elisabeth Berentzen

MORO: - Rugby er ein utruleg fin og ærleg idrett, seier Berentzen.

Foto: Reuel Cataylo

Men til alt hell fekk ho forklart spelet i rolege ordelag frå nokre vener, og då fann ho ut at det slett ikkje var så dumt. Debuten kom då fotballaget ho spelte for medan ho studerte, vart spurde om å stille eit lag til ein universitetsmeisterskap i rugby.

– Vi fekk ti minutt opplæring og så var det kamp. Sidan har eg i grunn vore hekta, seier Berentzen.

Må ha fleire typar spelarar

Sidan har det vorte mykje rugby, både i Australia, Uganda og Norge. No er ho eldst på landslaget og skal til på sitt tiande EM.

– Rugby er fartsfylt, morosamt, inkluderande, underhaldande å sjå på, og ikkje minst ein allsidig idrett, seier Berentzen.

På eit rugbylag trengst det fleire typar spelarar, og nettopp difor meiner Berentzen at dette er ein sport som passar til mange.

– Du treng nokon store og sterke, nokon små og kjappe og nokon som tenkjer strategi. Det er ein idrett der ein får brukt heile kroppen, og så er det utruleg moro, seier Berentzen, som sjølv definerer seg som ein av dei store spelarane.

Fekk meir skadar då ho spelte fotball

Og viss du trur det er mykje skadar i rugby, så meiner Berentzen at du tek feil. Og ho har eit samanlikningsgrunnlag, for ho har drive med mange forskjellige idrettar opp gjennom livet. Og ho har fått fleire skadar i mange av dei enn i rugby.

– Eg fekk langt fleire skadar då eg dreiv med fotball. Då rauk anklar og kne støtt. Eg får fleire blåmerker, men elles er det ikkje noko å snakke om, seier Berentzen.

Men ho understrekar at det er viktig å kunne det grunnleggjande.

– Og så må ein ikkje nøle eller bli redd. Då er det fort å skade seg. I rugby har vi heller ikkje typiske slitasjeskadar. Vi fordeler det jamt, ler Berentzen.

I 7ar rugby spelar ein to omgangar på sju minutt kvar. Og då er det innsats i kvart sekund.

Idretten har vorte ein livsstil

I helga møtest damelag frå heile Europa for å kjempa om tittelen som EM-meister.

– I dag er det 37 damelag i heile Europa. I Norge var det tre damelag då eg kom tilbake frå Australia. No er det ti. Så sporten er i rivande utvikling, seier Berentzen.

Før spelte ho på studentlaget i Bergen, men i fjor starta dei eldste opp Sandviken old stars.

– Det har vore ei enorm utvikling, og idretten har blomstra, seier Berentzen.

Og som om ho ikkje får nok av rugby på bana, jobbar ho også som generalsekretær i Norges rugbyforbund.

– Det opptek mykje av tida mi. Rugby blir på ein måte ein livsstil, og eg kjem alltid til å vere engasjert i det, det er eg viss på, seier Berentzen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvinnelandslaget i rugby

KLAR: Laurdag brakar det laust på Fana stadion.

Foto: Reuel Cataylo

Spelar så lenge kroppen held

At ho er eldst på laget, brukar ho lite krefter på.

– Eg spelar så lenge eg er i form og kroppen held. Men eg pleier å tulle med at dei yngre må skjerpe seg litt. Dei burde eigentleg spele meg ut av laget, ler Berentzen.

I morgon tek det laust i EM. Norge spelar opningskamp mot Ukraina klokka 10.00 laurdag, og kamp nummer to blir mot Sveits klokka 14.00. Siste gruppespelkamp startar klokka 16.

– Det blir spennande og krevjande. Det er små marginar i rugby. Ein er avhengig av at alle spelar bra, og at alle bidreg både i forsvar og angrep. Eg føler at vi har fått ei betre opplading til EM i år enn tidlegare år, så vi er godt førebudde, seier Berentzen.

Ekstra kjekt er det at familien frå Florø tek turen til Fana stadion for å sjå henne spele.

– Så får vi berre tru at vi ikkje får nervar av å spele med så mykje publikum på heimebane! Det kan slå begge vegar, det, ler Berentzen.