Hopp til innhold

Vil syne fram norske bibliotek

Fotojournalist Jo Straube reiser Norge rundt for å ta bilete av bibliotek.

Jo Straube

DOKUMENTERT: Jo Straube har teke bilete av Førde Bibliotek.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Denne veka var han i Førde. Han har som mål å syne fram det han kallar ein flik av demokratiet, i ei tid då talet på bibliotek stadig minkar. På 30 år er talet halvert.

No er det vel 600 att, og Jo Straube vil ta bilete av kring 200 av dei.

The Norwegian Library

BIBLIOTEK I BUTIKK: Eitt av fotoa i boka er frå Skorovas i Namsskogan i Trøndelag.

Foto: Jo Straube

– Det starta med at ein ven av meg skulle skrive ein kronikk om at det var så mange bibliotek som vart lagde ned.

– Både smått og stort

No vil Straube gi ut bok om det som er att.

– Eg vil prøve å vise fram kva bibliotek er for noko. Det er så mykje rart, både smått og stort. Eg har vore på fest på bibliotek i Oslo med 5000 mellom bokhyllene, og eg har vore på bittesmå bibliotek som er opne to timar i veka.

Jo Straube og Jorunn Systad

STOLT AV YRKET: Biblioteksjef Jorunn Systad på Førde Bibliotek er glad for at Straube vil gi ut bok om norske bibliotek.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

På Førde Bibliotek i Førdehuset får han omvising av biblioteksjef Jorunn Systad. Ho er glad for at det ho steller med skal dokumenterast. Ho er samd med Straube i at dette er ein del av demokratiet.

– Eg tenkjer på gratisprinsippet vårt, det å gi folkeopplysing, det å kunne bety noko i kvardagen for folk, det meiner eg er viktig. Eg er litt stolt over både biblioteket og yrket mitt.

Frode Grytten

SKAL SKRIVE TEKSTAR: Frode Grytten.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Kjærleikserklæring

Til boka får Jo Straube hjelp av Frode Grytten, som han trefte tilfeldig for ei tid sidan.

– Eg var i Odda då biblioteksjefen som Grytten voks opp med, fekk Kongens fortenestemedalje. Talen han heldt til henne var så rørande at eg tok til tårene. Det var slik det kom i stand.

Grytten skal skrive tekstar i boka. Enno har han ikkje skrive noko.

– Eg ser føre meg ei kjærleikserklæring til biblioteket, men i alle kjærleikserklæringar må det vere realisme. Det må vere sant. Eg må finne fram til kva sanninga om det norske biblioteket er, og kva det betyr for meg og mange andre.

Fotograf Jo Straube skal gi ut bok om norske bibliotek. Han skal fotografere over 200 av norges vel 600 bibliotek. Frode Grytten bidrar med tekster til boka som kommer ut høsten 2017.

I ARBEID: Jo Straube vil ta bilete av kring 200 bibliotek i Norge.

Må reise billeg

The Norwegian Library

EI AV MANGE: Gunn-Lill Johansen har 20 år bak seg på biblioteket i Nordreisa i Troms.

Foto: Jo Straube

Jo Straube får støtte til bokprosjektet sitt frå Fritt ord og Kulturrådet, men for å få det heile til å gå i hop må han spe på med mykje eigeninnsats.

– Eg lever på luft og kjærleik. I natt bur eg hjå vener i Førde, i morgon hjå ei venninne i Sykkylven. Eg prøver å reise billeg.

Og sjølv om boka skal vere ein hyllest til norske bibliotek og dei tilsette der, så lovar Jo Straube at det blir realistisk.

– Det er på godt og vondt. Nokre stader seier dei at no var du uheldig, det var ikkje så mange her i dag. Men så er det kanskje slik det verkeleg er, at det ikkje er så mange på biblioteket.