Men dette er ikkje aktuelt, seier politisk rådgjevar i samferdsledepartementet, Alfred Bjørlo. Han seier departementet vil prioritere nettopp å sikre drift ved dei regionale flyplassane, og at Avinor ikkje har fullmakt til stengingar. - Avinor må spare pengar på andre måtar. Det er ein del investeringar dei kan skyve på, men drifta kan dei ikkje kutte, seier Bjørlo.
Nye tryggleiksreglar
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2004 å bruke meir pengar på å kjøpe tenester frå kortbaneflyplassane. Men Bjørlo utelukkar ikkje at denne problematikken kan kome opp på bordet att om ikkje lang tid. Nye tryggleiksreglar for småflyplassar er på teiknebrettet, og dersom ikkje flyplassen på Sandane oppfyller desse, kan vidare drift på Anda og andre småflyplassar stå i fare i neste omgang.