– Dette er stort for Veitastrond, jublar Asbjørn Nes som er leiar for rassikringsnemnda i bygda.
Og det er ikkje utan grunn at han no gler seg. I fleire tiår har folk i Veitastrond kjempa for sikring av vegen inn til bygda. Og no ser det endeleg ut til at noko faktisk skjer.
Fylkesrådmannen går inn for oppstart av rassikring av fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond i juni neste år. Det same gjer samferdsleutvalet.
– For oss er dette forferdeleg gledeleg, og det er viktig for utviklinga av bygda. Det er mange unge som flyttar tilbake, og då blir det mange som skal pendle, så dette er heilt klart viktig, seier Nes til NRK.no.
Lova 475 millionar til rassikring
Vegen til Veitastrond opna i 1956, og sidan den gongen har bygdefolket kjempa for å gjere vegen rassikker.
Kvar vinter blir vegen stengd av ras, og bygda har i lengre periodar vore utan vegsamband vinterstid.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ei veke før valet kom Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete til Veitastrond. Med seg i baggasjen hadde ho lovnaden om 475 millionar kroner til rassikring i Sogn og Fjordane dei neste fire åra.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under)
Stolar på ny regjering
Sikring av Lindeskreda og Bjødnabakken på fylkesvegen til Veitastrond ligg øvst på prioriteringslista, og no går det mot oppstart neste år.
Men det føreset at Stortinget held oppe takta på løyvingar til rassikring. Berre prosjektet i Veitastrond kostar 237 millionar kroner.
– Det er all grunn til å tru at det ikkje blir store endringar i det statsbudsjettet som blir lagt fram, og sjølv med ei ny regjering trur eg denne posten blir omtrent som førespegla, seier Arnstein Menes.
Han er leiar i samferdsleutvalet i fylkeskommunen og er glad for å få vere med å sluttføre prosessen som kan gje veitastrendingane trygg vegg.
– Vi ser ikkje det som noko risiko å starte opp dette prosjektet no, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Sikrar framtida til bygda
Fylkesrådmann Tore Eriksen er også overtydd om at det nye Stortinget vil følgje opp med midlar.
– Det er ingenting som tyder på at vi ikkje får desse pengane. Det er dessutan slik at dette veganlegget står øvst på lista over prioriterte vegar i Sogn og Fjordane, seier han.
For Asbjørn Nes og dei andre innbyggjarane i handlar dette om framtida for bygda.
– Eg skal ikkje seie at Veitastrond hadde blitt avfolka, men utan denne rassikringa hadde det blitt tungt å halde oppe busetnaden, seier Nes.
Fylkesutvalet skal ta stilling til saka 14. oktober, medan fylkestinget skal ta ei endeleg avgjerd dagen etter. Alt tyder på at det er politisk semje om å starte opp rassikring i juni 2014.