Hopp til innhold

Vil skyte bjørnen no

Bøndene i Jostedalen er væpna og klare for jakt. I dag vart søknaden om fellingsløyve send.

Arne Bjørk og Einar Fortun.

Arne Bjørk (til venstre) i samtale med rovviltkontakt Einar Fortun.

Foto: Arne Eithun / NRK

DEBATT: Bjørnen er tilbake

LES OGSÅ: Her gjekk ein svolten bjørn

Bjørnespor Jostedal

Storleiken på spora fortel at det er ein stor bjørn som har vore i Jostedalen.

Foto: Statens Naturoppsyn

- Me er veldig utolmodige for situasjonen frå 2006 har me ikkje lyst til å oppleve på nytt, seier leiaren i Jostedal sankelag, Arne Bjørk.

Arne Bjørk seier dei i lengre tid har venta på at Bjørnen som i 2006 tok livet av fleire titals sauer skal kome tilbake til Jostedalen.

Greidde ikkje skyte bjørnen

Den gongen fekk dei fellingsløyve, men jaktlaget greidde aldri å skyte bjørnen. Men denne gongen har dei budd seg godt og vil ha fellingsløyve så snart som råd, før sporsnøen forsvinn.

- Hadde me fått sendt eit jaktlag etter bjørnen så hadde me hatt ein sjanse.

160 sauer drepne av bjørn

Ikke automatisk løyve

Men seniorrådgjevar Morten Kjørstad i direktoratet for naturforvaltning kan ikkje love bøndene ferske spor.

Trass i at det ikkje er noko mål å ha ein bestand av bjørn i Sogn og Fjordane er det heller ikkje slik at dyra automatisk skal skytast om dei kjem hit.

- Det er ikkje noko automatikk i at ein skal felle ein bjørn når den kjem inn i Sogn og Fjordane, men i eit slikt område vil ein ha ein betydeleg lågare terskel for å tillate felling enn andre stader der ein har eit mål om å ha ein fast bestand av bjørn, seier han.

Direktoratet må gje løyve

I dag skal rovviltnemnda i fylket ha møte om kor mange rovdyr som kan skytast denne sesongen.

Rådet vil gå inn for at Fylkesmannen gir løyve til å skyte ein bjørn, men Fylkesmannen kan ikkje gi eit slikt løyve før etter 1. juni.

- Om dei søker om lov til å felle ein bjørn før 1. juni er det ikkje fylkesmannen men Direktoratet for Naturforvaltning som bestemmer, seier leiar i rådet, Norvall Nøringset.

Men Arne Bjørk fryktar at sporsnøen skal forsvinne og at bjørnen må ta livet av sauer før dei får byrja å skyte.

- Beitesleppet er rett om hjørnet no, og år bjørnen er i området bør me kunne ta han ut, seier Bjørk.