Hopp til innhold

Bjørnen er tilbake

Sikker observasjon av bjørnespor.

Bjørnespor

Illustrasjonsfoto bjørnespor.

Foto: Erik Håtveit/leserfoto

- Dette var ikkje nokon god melding å få. Me hugsar med gru det som skjedde sist. Alle dyretragediane, problema til sauehaldarane og folk elles i området, seier jordbrukssjef i Luster, Steinulf Skjerdal.

Han har nett fått beskjed om at det på ny er gjort sikre observasjonar av bjørnespor i Jostedalen. To år etter at ein bjørn herja ein heil sommar i dalføret og drap om lag 20 sauer.

- Ingen tvil

- Det er absolutt ingen tvil om at eg ein bjørn har gått forbi her, men kvar han er no veit me ikkje, seier fjelloppsynsmann i Luster, Einar Fortun som var i ferd med å undersøke sporet då NRK snakka med han tysdag ettermiddag.

Vaksen bjørn

- Før helga fekk me melding frå ein turgåar om eit stort spor ved Fagredalen over Faaberg. Storleiken på sporet fortel at det er ein vaksen bjørn me har med å gjere, seier Steindal.

Då bjørnen herja i Jostedalen sist vart det også gjort observasjonar i dette området, utan at bjørnen drap sau akkurat der. I området der bjørnen er observert no er det framleis snø og ingen sauer er sleppte ut der enno. Men tida for det nærmar seg, og det er vanskeleg å halde sauene att på innmarksbeite lenge, seier Steindal.

Må sleppe sauene

- Det er ikkje godt å vite kva råd ein skal gje. Det er nok slik at når tida er der for beiteslepp så kan ein ikkje gjere anna enn å sleppe dyra og håpe på det beste.

No håpar han det er snakk om eit streifdyr som er på veg vidare, men fryktar det verste.

- Men han ser ut å ha retning inn mot området det vart drepe mykje sau, seier Skjerdal.