Hopp til innhold

160 sauer drepne av bjørn

Bøndene i Jostedalen søkjer erstatning for tilsaman 160 sauer på grunn av bjørn. Det er 140 meir enn det Statens Naturoppsyn har registrert.

Bøndene meiner altså at langt fleire sauer er drepne enn det den ofisielle statistikken viser.

- Mange grunnar til tap

Viltforvaltar hjå fylkesmannen Hermund Mjelstad seier det er uvanleg at det er søkt om erstatning for så mange sauer. Han trur ikkje på at bjørnen kan ha teke livet av så mange sauer og lam.

- Det kan fleire grunnar til tap, som beiteforhold og ulukker. Men at bjørnen har teke ein god del sau er soleklart, seier Mjelstad

- Vanskeleg jobb

- Betyr dette at du får ein vanskeleg jobb når du skal vurdere søknadene?

- Det er alltid ein vanskeleg jobb å jobb å vurdere kor stor del av tapa som skuldast rovdyr og kor mykje som skuldast andre ting, seier Mjelstad.

Resultatlaus bjørnejakt

Bjørnen drap sauer både i Gaular, Fjærland og Jostedalen. Det vart sett i gang jakt på dei to sistnemnde plassane, men utan at jegerane såg noko til rovdyret.