Oppdrettsnæringa vil oppheve vern av fjordane

Fiskeri- og havbruksnæringa vil oppheve vernet av dei såkalla nasjonale laksefjordane for å få opna for meir havbruk og oppdrett.

Oppdrettsanlegg ved Byrknes

VIL HA FLEIRE SLIKE: Fiskeri og havbruksnæringa vil oppheve dei nasjonale laksefjordane for å få utnytta betre potensialet for oppdrettsnæringa.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I alt 29 sjøområde i Norge har status som nasjonale laksefjordar. Det vil i praksis seie at det ikkje skal gjevast nye løyve til oppdrett i desse områda.

Men havbruksnæringa meiner at styresmaktene no må lempe på vernekrava for å gje grunnlag for vekst.

– Næringa i Sogn og Fjordane må kunne fleirdoble seg. Sjå heile Sognefjorden. Innover er det gode lokalitetar, stor utskifting av sjø, og like eins med Nordfjord og innover dei fjordane. Det er store potensial, seier regionsjef Hans Inge Algrøy hos Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining.

– Må ta ei evaluering

Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane gir arbeid til over 700 personar og skapar verdiar for over ein milliard kroner i året . Men næringa står i fare for å vekse opp.

Dersom regjeringa skulle lyse ut nye oppdrettskonsesjonar manglar nemleg kystkommunane areal som er regulert til nettopp oppdrettsverksemd.

Algrøy meiner vern av fjordar som Sognefjorden, Dalsfjorden og Nordfjorden må opphevast for å sikre veksten til oppdrettsnæringa.

– Vi må vere villige til å ta ei evaluering av dette. Kva verdi og erfaring har vi med nasjonale laksefjordar? Har det hatt ein verknad eller ikkje? Dersom dette er areal som vil kunne utnyttast av havbruksnæringa, utan at det går utover nokon andre, så bør ein ta ut det potensialet, seier Algrøy.

Viktigare debatt

Frank Bakke Jensen

TALSMANN: Frank Bakke Jensen representerer Høgre.

Foto: Høyre

Fiskeripolitisk talsmann for Høgre, Frank Bakke-Jensen, meiner derimot at tida ikkje er moden for å vurdere vernegrensene i fjordstrøka.

Ordninga med nasjonale laksevassdrag og nasjonale laksefjordar vart vedteken av Stortinget våren 2007, og omfattar kring tre fjerdedelar av Norges samla villaksressursar.

– Eg trur debatten om merking av oppdrettslaks, sikrare anlegg og moglegheitene for å lett måte å skilje villaks frå oppdrettslaks blir ein debatt som kjem før vi ser på grensene, seier Bakke-Jensen.

Ikkje noko konflikt

Målet med ordninga er å gje eit utval av dei viktigaste laksebestandane i Norge ei særskilt vern mot skadelege inngrep og aktivitetar i vassdraga, og mot oppdrettsverksemd, forureining og munningsinngrep i dei nærliggande fjord- og kystområda.

Hans Inge Algrøy meiner på si side at det ikkje er nokon konflikt mellom villaks og oppdrett i fjordane som no er verna.

Han meiner havbruksnæringa er viljug til å tenke berekraft og miljø parallelt med målet om å bruke meir sjøareal til oppdrett.

– Vi ynskjer ikkje som næring å vere i kamp eller motsetning til resten av samfunnet, seier han.