Direktør Leif Kapstad er innstilt på at det kan bli bråk. (Foto: A. Nybø, NRK)
Fødeavdelinga i Lærdal og medisinsk avdeling i Florø var mellom dei tinga mange skeptikarar var redd skulle ryke når staten overtok ansvaret for sjukehusa. Og no ser dei ut til å få rett.
- Sjukehusa ligg så nære andre sjukehus at pasientane kan nytte desse, seier Kapstad.
Kapstad understrekar at det ikkje er snakk om å legge ned sjukehus og heller ikkje seie opp folk.
Men Kapstad er innstilt på at om dette blir det endelege vedtaket, så betyr det bråk.
-Eg reknar med at det blir reaksjonar, og eg håper på ein god diskusjon rundt dette, avsluttar Kapstad.