Hopp til innhold

Vil la folk bu i sjøbuer for å hindre fråflytting

FLORØ (NRK): Flora kommune vil gje nytt liv til øysamfunna på kysten ved å nytte gamle sjøbuer som bustader. Fylkesmannen er kritisk.

Ola Teigen

TRUR PÅ SJØBUER: Ordførar Ola Teigen i Flora trur gamle sjøbuer kan tene som bustader for tilflyttarar

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Grendene rundt om i Flora er fulle av gamle sjøbuer som står tomme og ikkje vert brukte til noko. Vi tenkjer at det må vere mykje betre at folk buset seg i desse, seier ordførar Ola Teigen (Ap).

Fram til ganske nyleg var øyane rundt Florø busette av fiskarar og sjøfolk, og dei gamle sjøbuene er ei levning frå desse tidene. I dag er det mange færre som er sysselsett i desse næringane. Øysamfunna slit med fråflytting, og ordføraren innrømmer at mange av buene er i svært dårleg stand.

Batalden

BATALDEN: Her på Batalden står det mange sjøbuer som no kan verte bustadar

Foto: Trond Strømgren

På grunn av strandsonevernet har det likevel ikkje vore mogleg å nytte dei gamle husa langs sjøkanten til bustadar. Teigen tykkjer det er på høg tid at dette vernet vert liberalisert.

– Det er jo ikkje noko vits å verne strandsona om ho ikkje vert brukt uansett. No vil dei kunne styrke busetnaden i øyane og bidra til positiv folketalsutvikling.

Det var Firdaposten som først melde at Flora kommune vil omdisponere sjøhus og sjøbuer til bustadar.

Fylkesmannen kritiske

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har over lang tid vore kritisk til at kommunane opnar opp for stadig meir bygging i strandsona. Dei seier at det gir negative verknader for interesser som friluftsliv, landskap, og for naturkvaliteten i strandsona.

Kinn sett frå Rognaldsvåg

ØYSAMFUNN: Rognaldsvåg er eitt av øysamfunna i Flora der det no kan kome folk i dei gamle sjøbuene

Foto: Hans-Jacob Sunde

Også i denne saka er Fylkesmannen kritisk og meiner at det ikkje vert teke nok omsyn til strandsonevernet. I ei høyringsfråsegn har dei fleire innvendingar mot prosjektet, og det er særleg det at folk flest no vert stengde ute ifrå strandsona dei er redde for.

Dei reagerer også på at Flora kommune ikkje har vurdert korleis planane vil påverke naturmangfaldet i området.

Ordførar Ola Teigen har ikkje tru på at folk vert stengde ute frå strandsona om det buset seg folk i sjøbuene.

– Dette er jo privat område i dag også, og eg trur ikkje det er slik at folk oppheld seg i desse områda.