Dei vart samde om å gjere sitt for at Helse Førde kan få meir pengar til helsetenestene i Sogn og fjordane, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.
- Det er viktig å ha ein felles front her frå fylket. Vi ønskjer oss eit desentralisert sjukehustilbod, og med dei nedskjeringane på 80 millionar kroner som er signalisert, fryktar vi at det skal gå ut over sjukehusstrukturen, seier Sandal.
Arkiv
- For høgt tempo
Det var i går Nordfjordrådet, Sogn regionråd, Samarbeid i Sunnfjord og fylkeskommunen var samla for å diskutere kva dei kan gjere for å unngå ei alvorleg svekking av helsetilbodet til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. For med eit kutt på 80 millionar kroner reknar dei med at ei slik svekking er uunngåeleg. Og dei meiner at Helse Førde bør bremse litt på iveren etter å skjere ned.
- Vi har eit problem med tempoet det er lagt opp til, så vi vil oppmode Helse Førde om å ikkje vedta drastiske nedskjeringar alt på styremøtet 27. mai, men at vi heller innleier nødvendige drøftingar, seier fylkesordføraren.
Ynskjer betre innsyn
Fylkeskommunen og kommunane ynskjer og betre innsyn i grunnlaget for kutta i Helse Førde og ber om dialog om dette. Styremedlemmene Herlof Nilsen og Kjell Opseth i Helse Førde har tidlegare kritisert fylkeskommunen for å blande seg inn i det dei steller med. Men fylkesordførar Nils R. Sandal forsikrar at politikarane i fylket ikkje vil la vere å engasjere seg i helsetilbodet.