– Me treng produksjonsutstyr for framtida, seier administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta og varslar ei solid innsprøyting i det 50 år gamle aluminiumverket i Vik.
Når du køyrer på bilferie i sommar og ser rekkverk langs vegane, er det truleg laga på fabrikken i Vik.
– Denne maskina har kappa rekkverk i 50 år.
Plassjef Jan Henning Øyehaug viser rundt i ein av produksjonshallane ved Vik Ørsta si avdeling i Vik. Onsdag er det 50 år sidan aluminiumsverket opna, og Øyehaug meiner det å laga rekkverk og anna vegsikringsutstyr i Vik vil vera lønsamt også i framtida.
Men det trengst nytt utstyr for å gjera det tunge arbeidet lettare for dei 78 tilsette.
– Dei 50 år gamle maskinene produserer framleis så det grin, men så gamle maskiner i 2019 kan også vere ei utfordring. Me treng mellom anna ein ny «roll-former», ei maskin som bøyer til rekkverka, seier Øyehaug.
Vik Ørsta har to fabrikkar i Ørsta og ein i Vik. I Ørsta opna dei nettopp ein ny fabrikk som lagar lysmaster til vegar. No er tida inne for å investera i nytt produksjonsutstyr og robotar ved Vik-avdelinga, meiner leiinga.
40 millionar kroner
– Automatiserte og robotiserte løysingar kostar fort opp mot 40 millionar kroner, seier administrerande direktør Nesset.
Han vil gjerne koma raskt i gang med oppgraderinga av det femti år gamle verket i Vik.
– Vi har eit håp om starte på dette allereie i år, seier han.
Nesset påpeikar at dei er konkurransedyktige også med det gamle produksjonsutstyret.
– Men det kan verte mykje betre med meir moderne utstyr, seier han.
Nye investeringar krev at eigarane er villige til å gå inn med pengar. Investeringsfondet FSN Capital eig Saferoad-konsernet, som Vik Ørsta er ein del av.
– Alle selskap i Saferoad har årlege investeringsbudsjett. Det er viktig for FSN å stadig vidareutvikle selskapa våre, skriv Ulrik Smith, partnar i FSN Capital til NRK.
Han skriv vidare at det ikkje finst gitte svar på kva investeringar dei kan eller kjem til å gjere i Vik Ørsta.
– Vi er i ein dialog mellom tilsette, leiinga og styret. I Vik Ørsta har vi til dømes både relativt nye robotar og gamle maskinar som framleis går godt, skriv Smith, som også påpeikar at FSN er nøgde med verdiskapinga i Saferoad
Permitteringar
Vik verk har i 50 år vore den største arbeidsplassen i Vik kommune sidan opninga 3. juni 1969. Hjørnesteinsverksemda har hatt fleire eigarar, og på det meste var der over 200 tilsette.
I dag konkurrerer Vik Ørsta i ein krevjande internasjonal marknad, og seinast i vinter vart 25 tilsette ved avdelinga i Vik permitterte ein kort periode.
Men Nesset er optimistisk.
– Sjølv om vi i ein kort periode i vinter måtte permittere folk, klarer vi jamt over å sysselsetje dei vi har. Vi har levert gode resultat i mange år, seier han:
– Vi har stor tru på produkta våre og framtida, så 50 år er ingen alder.