Hopp til innhold

Vil ikkje ha vindmøller på Stad - meiner Frp i regjering må seie nei

– Frp likar ikkje å kaste pengar ut glaset, difor må dei seie nei til vindmøller, seier Hans Christian Hansen i Stad Landskap.

 Hans Christian Hansen/vindmøller på Stad

ÅR LØYVE: Okla vindkraftverk har fått løyve av NVE til å drive vindkraftverk ved Okla. Hans Christian Hansen i Stad Landskap vil ikkje ha vindmøller i dette området. No er det opp til Olje- og energidepartementet å ta endeleg avgjerd.

Foto: Vestavind Kraft/Cosmin Cosma, NRK

Naturvernar Hans Christian Hansen er forferda over at NVE seier ja til ni møller i Okla vindpark på Stadlandet. Han set sin lit til at Frp kan berge naturen.

– Om det er slik at dei skal byggje eit vindkraftverk på Nord-Europas nordlegaste fastland, kan vi like godt byggje på Nordkapp også. Set gjerne opp eit på det sørlegast punktet Lindesnes også, og sjå kva folket seier til det, seier han.

Hans Christian Hansen har brukt mange år av livet sitt på å kjempe mot vindmøller gjennom organisasjonen sin Stad Landskap. Sidan planane vart presentert desember 2008, har han vore i mot Okla vindpark på Stadlandet. Denne veka sa NVE ja.

– Eg er sjølvsagt veldig skuffa, for eg trudde at all dokumentasjon som mange instansar har lagt fram, var såpass klar at NVE ville ta ei korrekt avgjerd, seier han.

Set sit lit til Frp

No er det energidepartementet som skal ta endeleg avgjerd om dei ni 120 meter høge møllene. For fyrste gong med ein Frp-ar i statsrådsstolen.

– Eg reknar med at Frp er eit parti som ikkje vil kaste pengar ut av vindauget. Å byggje ut vindkraftverk, uansett plass i Norge, er ikkje lønsamt, seier han.

Hans-Christian Hansen i Naturvernforbundet
Foto: Cosmin Cosma / NRK
Frank Willy Djuvik

IKKJE SÅ SKEPTISK: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp seier dei vil gjere alle naudsynte vurderingar, men at regjeringa har forplikta seg i forhold til å redusere klimagassar.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Også SV sin Norvall Nøringset håpar og trur Frp-ministeren vil setje foten ned for eit prosjekt som er frårådd av både Fylkesmann, fylkeskommune og naturoppsyn.

– Dei er opptekne av lokalt sjølvstyre og eg går ut frå at det fylkestinget tidlegare har sagt om ein konsesjon i dette området, bør vere svært avgjerande for kva ein statsråd skal avgjere, seier Nøringset.

Ikkje like skeptisk

Men fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp seier partiet ikkje er så skeptiske til vindmøller i regjering.

– Eg trur vi i utgangspunktet har ei positiv innstilling, men det klart at departementet vil gjere alle moglege vurderingar både når det gjeld natur og andre omsyn som må takast. Dette er ein del av dei forpliktingane vi har teke på oss knytt til å redusere klimagass. Då vil det ha nokre konsekvensar for naturen, seier Djuvik.