NRK Meny
Normal

Politiet ber om utvida varetektsfengsling av trippeldrapssikta

Politiet vil under fengslingsmøtet i morgon be om fire nye veker varetekt for sørsudanesaren som er sikta for trippeldrapet på Valdresekspressen for ein månad sidan.

Løseth og åstaden

VIL HA MEIR TID: Regionlensmann i Sogn, Åge Løseth, seier at politiet ønskjer utvida varetekt for den trippeldrapssikta mannen.

Foto: Øyvind Bye Skille/Alf Vidar Snæland / NRK

Politiet ventar framleis på å få avhøyrt den trippeldrapssikta mannen.

For halvanna veke sidan vart den 30 år gamle mannen overført frå Sandviken sykehus til fengsel. Men endå har ikkje politiet fått avhøyrt asylsøkjaren.

– Me fekk ikkje avhøyrt sikta denne veka på grunn av praktiske årsaker for forsvararen hans, Fredrik Verling. Me vil avhøyre vedkommande neste veke, men me har ikkje fastsett ein konkret dag. Det er ikkje lenger helsemessige årsaker som tilseier at vi ikkje kan avhøyre mannen, seier regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Har ikkje funne kameraten

Det var måndag 4. november at ein 30 år gammal asylsøkjar knivdrap tre personar på Valdresekspressen, som var på veg frå Årdal til Oslo.

Den drapssikta mannen vart 7. november varetektsfengsla i fire veker. Han var då på Sandviken sykehus i Bergen, grunna redusert allmenntilstand.

Politiet gjekk ut og etterlyste kompisen til den sikta mannen. Han vart send ut av landet dagen før trippeldrapet.

– Så langt eg er kjent med, har ikkje Interpol gjort funn av den etterlyste mannen i Italia, seier Løseth.

Har avhøyrt tre nye kvinner

Politiet etterlyste førre veke ei kvinne, men ho synte seg å ikkje ha vore på den aktuelle bussen. Men etterlysinga var ikkje heilt utan nytte likevel.

– Det melde seg tre andre kvinner som var på bussen. Desse er no avhøyrde av politiet. Eg ønskjer ikkje å gå nærare inn på kva som kom fram i desse avhøyra, seier Løseth.