Han meiner difor det er på tide med eit ståande fellingsløyve for ulv på Vestlandet. Det siste året har det, særleg i Sogn og Fjordane, vore langt meir vanleg å sjå ulv enn tidlegare.
I Eid kommune måtte eit jaktlag nyleg gi opp jakta på ulven som har gjort skade på sauer, fordi fellingsløyvet gjekk ut. Like etter dukka ulven opp på nytt og tok fleire sauer. I vinter vart ein ulv skoten i Naustdal kommune, men like etter kom det meldingar om at ein ny ulv kunne vere på ferde.
– Ute av kontroll
Reksnes meiner situasjonen er uakseptabel.
– Vi kan ikkje ha det slik at vi no skal få ein situasjon der vi gradvis får innført fleire og fleire dyr til fylket, og stå makteslause og ikkje kan gjere noko med det.
Han seier jakta er nærast håplaus på Vestlandet med bratte fjellsider. Difor oppfordrar han no stortingspolitikarane til å ta tak i problematikken.
– Dei bør sørge for at det blir bestemt at ulven skal takast ut så snart den viser seg vest om Langfjella. Dette er i ferd med å bli ein situasjon som er komen heilt ut av kontroll. Fleirtalet som er for ei anna linje i rovdyrpolitikken på Stortinget må manne seg opp og slutte og ta omsyn til Venstre og SV. Dei må få på plass retningslinjer og ein politikk som gjer at vi kan bli kvitt desse skadegjerande dyra, seier Reksnes.
Fryktar ein endå meir truga art
Eit ståande fellingsløyve er ein svært dårleg ide, meiner stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).
– Dersom ein har eit ståande fellingsløyve for ulv er det ein heilt reell fare for at den då vil bli skoten berre den så vidt går utanfor sona den skal vere i, sjølv om den ikkje gjer skade, seier han.
Rotevatn meiner likevel at ein bør få korta ned saksbehandlinga for fellingsløyve.
– Eg forstår at det er ein viss frustrasjon, men vi er nøydde til å nokre tryggleiksventilar slik at vi framleis kan ha ein berekraftig ulvestamme i Norge.
Vil ha utvida løyver
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), seier det ikkje har vore mogleg å til eit ståande fellingsløyve fordi ein er nøydde til å vurdere kvart enkelt tilfelle.
Han meiner ei delvis løysing kan vere å late løyva vare mykje lenger enn dei gjer i dag.
– Ein må også sjå på dei geografiske avgrensingane av løyvet som er gjeve. Vi må vere mykje meir offensive i høve til det. Det er i alle fall ein måte å møte dei utfordringane på, sjølv om det er fortvilande på dei som tapar husdyr til ulv. Det skal jo ikkje vere ulv i dette området, seier han.