Hopp til innhold

Vil ha politihøgskule i Florø

Bjørn Lødemel (H) meiner at å opprette ein politihøgskule i Florø vil hjelpe på rekrutteringsproblema i fylket.

Bjørn Lødemel talar på Høgre-landsmøtet

Arkivfoto: Høgre-politikar Bjørn Lødemel vil ha politihøgskule i Florø.

Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Det skriv firda.no .

– Det er definitivt realistisk å få til ein politihøgskule i Florø, seier Lødemel til avisa.

Han er toppkandidat på Høgre si stortingsliste.

– For dyrt

Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø (Ap) trur ikkje politihøgskule i Florø er realistisk.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Han seier at idrettsfasilitetane i byen, Florø Idrettsenter og Havhesten, gode kommunikasjonsvegar til Bergen og Oslo, skytebana på Grov og bygningsmassen ved politihuset i Florø er gode grunnar til at ein politihøgskule kan etablerast i kystbyen.

Men det er ikkje Ingrid Heggø (Ap) samd i.

– Det er ikkje vegen å gå. For det første må ei slik utdanning ligge der det er eit høgskulemiljø, og for det andre blir det for dyrt å opprette ei ny desentralisert politiutdanning.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Motstand

Johan Brekke

Det trur heller ikkje politimeister Johan Brekke.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Ho seier det er stor motstand i fleire politi-instansar mot å opprette nye, desentraliserte skular.

– Det er feil måte å utnytte ressursane på. Det er betre å bruke pengane på større politihøgskular, seier Heggø.

Politimeister Johan Brekke, som har vore assisterande rektor ved Politihøgskulen i ni år, er samd i det. Han meiner forslaget til Høgre er heilt urealistisk.

– Ein bør heller byggje ut ein større høgskule i Oslo. Kvalitetsmessig er det vanskeleg med små filialar, slik som i Bodø, seier Brekke.