Hopp til innhold

Ein av desse vil ha påbod om refleks

Refleks reduserer risikoen for å bli påkøyrd med heile 85 prosent. Likevel er det svært mange som ikkje brukar den. No vil Trygg Trafikk ha påbod om refleks.

Svein Helge Selland, Sissel Thune Hovland og Audun Heggestad

REFLEKSDAGEN: Svein Helge Selland frå politiet, Sissel Thune Hovland i Statens vegvesen og Audun Heggestad i Trygg Trafikk delte i morgontimane ut refleksar til dei som mangla det i sentrum av Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Tusenvis av vaksne og barn blei torsdag morgon stogga på veg til skule, jobb eller barnehage. I dag markerast nemleg refleksdagen for tiande gong.

I Sogndal stilte representantar frå Trygg Trafikk, Statens vegvesen, politiet og fylkeskommunen mannsterke opp for å minne sogningane på kor viktig det er med refleks.

Fylkesleiar i Trygg Trafikk, Audun Heggestad, seier dei som brukar refleks blir oppdaga lenge før dei utan. Det kan bli avgjerande for å unngå å bli påkøyrd.

– Utan refleks har bilførarane berre to sekund frå dei oppdagar deg til å bremse ned. Har du refleks vil bilførarane oppdage deg ti sekund før, seier Heggestad.

Markeringa har effekt

Teljingar som Trygg Trafikk som har gjort viser at mindre enn halvparten av oss bruker refleks. Det meiner Heggestad er ganske uforståeleg, all den tid det er så mykje fokus på kor viktig det er med refleks.

Han er likevel nøgd med at dei ser ei forbetring i tida etter markeringa av refleksdagen.

– Teljingar vi gjer seinare på hausten viser at bruken av refleks aukar jamt og trutt, Men i Sogn og Fjordane er det berre litt over 50 prosent som brukar refleks. Målet vårt er 100 prosent, så det er langt igjen, seier Heggestad.

Refleks

PÅ JAKKA: Trygg Trafikk sitt mål er at alle skal ha ein slik på jakka si når dei skal ut i mørket.

Foto: Trygg Trafikk

Vil ha påbod

Trygg Trafikk meiner difor ein må gå strengt til verks for å få folk til å skjerpe seg.

– Vi går inn for at det skal bli eit påbod om bruk av refleks, men det ser ikkje ut til at vi får det gjennom politisk, seier Heggestad.

Han seier dette er knytt opp til handhevinga, og at det naturleg nok er vanskeleg å handheve eit slikt påbod ovanfor til dømes barn.

Meiner vaksne må skjerpe seg

Sven Helge Selland, politiførstebetjent ved Sogndal lensmannskontor var også med på markeringa i dag. Han meiner det vil vere vanskeleg å handheve eit påbod om refleks, og håpar folk kan skjerpe seg utan slike verkemiddel.

– Eg meiner folk må vere sitt ansvar bevisst når dei er i trafikken, slik at alle kan ferdast trygt. Klarar vi det utan påbod er det til det beste, seier Selland.

Han har inntrykk av at barna er flinkare enn dei vaksne.

– Dei vaksne må skjerpe seg.

Skuldar på tidsklemma

Heggestad seier mange skuldar på tidsklemma når dei blir konfronterte med at dei ikkje brukar refleks.

– Mange er gjerne litt flaue for at dei har gløymt det, og blir glade når vi deler ut refleksar til dei.

– Kva er den vanlegaste unnskyldninga?

– Det er at det har gått litt raskt på morgonen, og at dei ikkje hadde refleksen for hand når dei skulle ut. Kanskje hadde dei bytta jakke, seier Heggestad.

Han har ei enkel oppmoding til folk når vi no går inn i den mørke årstida.

– Folk må sette refleksar på alle jakkene dei har, og gi seg tida før dei skal ut dørene slik at dei veit dei har på seg refleks. Dette kan vere skilnaden mellom liv og død.