Hopp til innhold

– Foreldre bør sykle opp ruta med ungane

– Det er ikkje utan risiko at barn syklar til skulen, seier politibetjent Trond Hatlenes. Både politiet og Trygg Trafikk ber foreldre ta ansvar for å lære opp ungane før dei får sleppe ut i trafikken.

Trond Hatlenes

GODE RÅD: Trond Hatlenes i politiet ber foreldre gi ungane god opplæring før dei får sykle åleine til skulen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Foreldre bør ikkje sleppe borna av garde før dei er sikre på at dei kjenner seg trygge på sykkelen og på trafikkreglane, stemmer Audun Heggestad i Trygg Trafikk i.

To veker etter skulestart konstaterer politiet i Sogn og Fjordane at det er mykje uønskt oppførsel i trafikken rundt skulane. Høg fart, køyring utan bilbelte og køyring mot skilting har vore gjengangarar.

– Ta ansvar

Trafikkbiletet ved skulestart og skuleslutt er ofte prega av mykje bilar og mange barn, ein del av dei på sykkel.

Trond Hatlenes som er trafikkoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt meiner både foreldra og skulane må ta ansvar for sykkelopplæringa.

– Eg håpar skulane har gode rutinar på informasjon, og at dei gjerne har nokre foreldrekveldar rundt dette.

Sykkelopplæring

SYKKELOPPLÆRING: Ved fleire skular får barna opplæring i korleis dei skal sykle til skulen. Biletet er teke i samband med slik opplæring ved ein skule i Rogaland i 2012.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Dette er råda frå politiet og Trygg Trafikk

Både Heggestad og Hatlenes har råd til kva foreldra bør lære ungane.

  • Barnet må ha ein sykkel som passar. Den må vere i orden med bremser, lys og refleksar.
  • Ungane må ha hjelm og kan gjerne bruke refleksvest.
  • Skal dei sykle til skulen bør dei vere så gode å sykle at dei ikkje vinglar.
  • Dei må vite kva som er rett side av vegen.
  • Når dei skal krysse vegen i gangfelt må dei gå av sykkelen og leie sykkelen over vegen.
  • I kryss må dei sjå seg godt for, og sjekke at det er klart før dei bestemmer seg for å sykle gjennom.
  • Borna bør unngå å sykle fleire i breidda og heller sykle etter kvarandre, med god avstand.

– Sykle saman med barna

Både Heggestad og Hatlenes ser helst at foreldra syklar opp ruta til skulen med ungane før dei får sykle åleine.

– Foreldra må sykle opp ruta saman med ungane, og informere om kor det er trygt og korleis dei skal oppføre seg i trafikken som er akkurat på deira skuleveg, seier Hatlenes.

Fleire stader har det vore skulane som har sett ei aldersgrense for kven som kan sykle til skulen. Dette er no endra.

– Tidlegast frå dei er 10 år

Heggestad i Trygg Trafikk meiner borna uansett bør vere fylt 10 år.

– Frå Trygg Trafikk si side anbefaler vi sykling til og frå skule og i blanda trafikk først når borna er 10–12 år gamle. Det kan vere barn som har veldig trygge skulevegar, så ein må vurdere det i kvart enkelt tilfelle, men tidlegast frå dei er 10 år.

Han ber samtidig vaksne i trafikken, både til fots, på sykkel og i bil vere obs på dei syklande borna.

– Det er viktig med samspel, der vi vaksne tenkjer over at det ikkje er alle som har føresetnad for å takle trafikkbiletet på rett måte.

Audun Heggestad

OPPLÆRING: Audun Heggestad ber foreldre sykle opp ruta til skulen saman med ungane, før dei får sykle dit åleine.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK