Hopp til innhold

Vil ha krav om at hamnene må tilby straum frå land til cruisebåtane

Cruisebåtar som ligg til kai må i framtida gå på straum frå land. Kravet kjem frå Naturvernforbundet som meiner noko må skje straks – men slike anlegg kan komme til å koste 100 millionar kroner.

Cruisesskipet Queen Mary 2 passerer Aurlandsvangen på veg til Flåm
Foto: Jan Christian Jerving

Lars Haltbrekken

Lars Haltbrekken

Foto: Kjell Herskedal / SCANPIX

Naturvernforbundet har fått nok av dei store miljøulempene som kjem av cruisebåtar som ligg til land.

Leiar Lars Haltbrekken seier straum frå land i det minste vil redusere helseskadelege utslepp og støy når skipa ligg til kai.

– Ein bør få på plass landstraum til båtane, slik at ein blir kvitt både dei helseskadelege utsleppa frå dieselmotorane som går og den store støyplagen, seier Haltbrekken til NRK.no.

Er uroa for negative konsekvensar

Ein rapport frå Vestlandsforsking syner at utsleppa frå cruisetrafikken er ti gonger høgare enn frå andre ferieformer. Flåm i Aurland er den femte største cruisedestinasjonen i landet. Der fryktar no elveeigarane konsekvensane av ein eventuell ny cruisekai.

Også Haltbrekken er uroa for dei negative konsekvensane cruisetrafikken har. Han meiner det må bli eit krav til alle cruisehamner at dei kan forsyne cruiseskipa med straum frå land.

Positiv, men avventande ordførar

Ordførar og mangårig reiselivssjef i Aurland, Noralv Distad, vil også gjerne forsyne båtane med straum frå land.

– Eg trur det vil kome eit slikt påbod på sikt, og vi for vår del har ikkje noko i mot det, seier han til NRK.no.

Samstundes er han klar på at dette ikkje er noko som er gjort over natta. Han meiner hamnene først kan forsyne båtane med straum når det er lagt til rette for dette frå skipa si side.

Det er ikkje mogleg for dei fleste skipa per i dag å ta imot landstraum. Men dette vil nok kome litt inn i framtida, og både cruisenæringa og hamnene er interesserte i å få mest mogleg miljøvenleg forsyning av elektrisitet, seier Distad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad, ordførar Aurland kommune

OPEN: Ordførar Noralv Distad ser ikkje bort frå at Aurland i framtida kan tilby straum frå land til cruisebåtane.

Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommune

Kan koste over 100 millionar kroner

Hamnesjef Inge Tangerås i Bergen viser til at det er svært få hamnar i den vestlege verda som er tilrettelagde for å forsyne cruiseskip med landstraum.

Eit forprosjekt i Bergen synte at eit slikt anlegg på land kan komme til å koste over 100 millionar kroner.

– Det er store investeringar, store straummengder og store trafoar og omformaranlegg som skal til, seier han til NRK.no.

Kan spare både miljø og utgifter

– Cruiseindustrien er miljøbevisst, og dei er opptekne av å skåne dei destinasjonane dei kjem til. I andre delar av verda er skipa tilrettelagde for landstraum, seier Tangerås.

– På Oslo hamn har Color Line landstraum for den eine Kiel-ferja, og dei jobbar med å gjere det også for den andre. Men dette kan berre brukast av dei to ferjene. Svenskane har bygt ut til nokre båtar i nokre hamner. og andre stader i Europa er dei i vurderingsfasen. Elles er det ingen i våre farvatn som har tilrettelagt for landstraum, seier han.

Cruiseskipa har straumbehov på 10 megawatt og oppover. Tangerås meiner reiarlaga kjem etter med moglegheiter for landstraum, dersom hamnene først legg til rette for det.

– Ved å gå på landstraum sparer dei miljøet, men også bunkersutgifter – som stadig blir høgare, seier han.