Hopp til innhold

Vil forlange eiga cruisebåt-avgift

Arbeidarpartiet vurderer å forlange ei eiga avgift frå cruiseskip som besøker Norge.

Cruiseskipet Queen Mary 2 i Aurlandsfjorden

VIL HA NY AVGIFT: Arbeidarpartiet ønskjer at cruiseskipa skal leggje att meir pengar i norske fjordar.

Foto: Jan Christian Jerving

Reiselivspolitisk talskvinne Ingrid Heggø meiner vi sit igjen med for lite pengar frå cruisetrafikken og meiner kvar billett kan skattleggast med minst 100 kroner.

– Det er indrefileten av Norge som turistane får sjå. Det tykkjer eg dei kan betale litt for. Ei slik avgift vil føre til at cruisetrafikken ikkje utkonkurrerer reiselivsnæringa på land, seier Heggø.

Vil ha meir pengar igjen

Store cruisebåtar som besøker byane og fjordane våre er eit kjent syn for mange her til lands. Men passasjerane som strøymar i tusental til Norge legg att alt for lite, meiner Arbeiderpartiet. No vurderer politikarane om dei skal setje inn tiltak.

– Vi får ikkje nok ut av det slik det i dag. Her må finne nøkkelen slik at dei legg igjen meir krone og øre.

– Du fryktar ikkje at ei avgift vil virke negativt for reiarlaga slik at dei styrer unna Norge?

– Det kjem an på kva beløp du snakkar om når det gjeld avgift. Eg tenkjer ein hundrelapp per passasjer.

Meiner det er konkurransevridande

For Ap ser med lite positive auge på mykje av det som skjer i cruisenæringa. Heggø meiner lønsnivået til dei tilsette om bord i båtane minner om sosial dumping.

I følgje sjømannsforbundet kan grunnløna vere heilt ned mot 3600 kroner i månaden. Heggø meiner løna er ei skam som i tillegg øydelegg for dei norske reiselivsbedriftene.

– Det er horribelt, spør du meg. Både hurtigruta og hotella på land har eit heilt anna lønsnivå som er regulert etter norske lovar. Det er svært konkurransevridande når dei unngår det om bord i desse flytande luksusskipa, seier Heggø.

– Uheldig tidspunkt

Jens Christian Skrede

LIKAR IKKJE FORSLAGET: Jens Christian Skrede trur ei avgift kan skremme vekk cruiseskipa.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Men cruisenæringa meiner ei ekstraskatt på cruisebåtane til Norge vil gjere at båtane unngår Norge.

Jens Christian Skrede frå Stryn er administrerande direktør i Cruise Europe som er eit nettverk av vel 100 europeiske cruisehamner.

Etter ei veke der cruisebåtane må forlate landet på grunn av streik, meiner han at Ap sitt utspel kjem på eit særs dårleg tidspunkt.

– Eg tenkjer det er eit aldeles håplaust forslag. Norge eit reisemål som har ein del særordningar frå før. Sjølv om fjordane er ei sterk merkevare, vil eg sterkt åtvare mot å innføre fleire avgifter, seier han.

Men Heggø meiner ei avgift må vurderast, ho seier cruisenæringa nyttar seg av viktige fellesgode i samfunnet utan å betale.

– Dette vil ei slik avgift hjelpe til med å utlikne, seier Heggø.