Vil ha krav om nynorsk
Norsk Målungdom krev at kommunar med nynorskskular prioriterer å tilsette lærarar som kan nynorsk. Dei er uroa for at mange lærarstudentar manglar kompetanse til å undervise i nynorskområde. – Krav om nynorsk bør komme klart fram når skulane skal tilsette lærar, seier Fredrik Hope, som er leiar for Norsk Målungdom.