Hopp til innhold

Vil ha gondolbane for turistar

Reiselivsnæringa meiner det er på høg tid at Sogn og Fjordane får si første gondolbane for turistar.

Video Har lyst på gondolbane til Trivselsfylket

- Ei gondolbane hadde betydd mykje for reiselivet. Det vil kunne gjere oss sterkare som naturdestinasjon enn det vi er i dag, seier Synnøve Aabrekk i Reisemål Stryn og Nordfjord.

- Det hadde vore moro med ein gondol

Det har fleire gonger vore planar om gondolar i Sogn og Fjordane. Den gondolbana fylket hadde ligg i Luster, men har no rusta heilt ned.

I Sogn drøymer både Sogndal skisenter og leiaren i Bratt Moro om ei gondolbane.

- Fjella er tekne i bruk på ein heilt anna måte dei siste åra. Det hadde vore moro å hatt ein gondol, vi har truleg masse fjell å ta av, seier Tor Yttri i Bratt Moro til NRK.

- Dette er noko for framtida

Og Aabrekk i Reisemål Stryn og Nordfjord er heilt med på den tanken.

- Utover Sognefjorden må det vere heilt fantastisk med ei gondolbane, seier Aabrekk.

I Alpane sel gondolturar som varmt kveitebrød til turistane. Dette kan ein få til også i Sogn og fjordane, og Aabrekk meiner både staten og fylkeskommunen bør vere med å finansiere ei gondolbane i fylket.

- Reiselivsnæringa er blant dei raskast veksande næringane i fylket. Dette er ei næring som Sogn og Fjordane kan bli avhengig av i framtida, difor må vi leggje til rette for den, seier Aabrekk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marino Ask

VIL IKKJE: Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag vil heller ha urørd natur, enn gondolbane i Sogn og Fjordane.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Vil heller ha urørd natur

Men ikkje alle er like positive til ei gondolbane.

- Den urørde naturen er vårt fremste trekkplaster og har lokka folk hit i over hundre år. Eg meiner den urørde naturen framleis er det viktigaste vi har, seier Marino Ask, leiar i Sogn og Fjordane turlag.

Ask ser ikkje noko grunn til å gripe inn i naturen med å byggje gondolbaner i fjellsidene.

- Eg trur det fjordlandskapet vi har, som er heidra som både nasjonalparkar og landskapsvernområde, er det vi vil ha også i framtida, seier Ask til NRK.

- Vi må tilby noko nytt

Aabrekk på si side vil tenkje nytt.

- Vi må utvikle produkta våre, slik at vi har noko å tilby her. Eg trur rett og slett turistane krev det.