- Gondolbana vil føra til at me har ein inngangsportal til Jostedalsbreen nasjonalpark heile året, fortel initiativtakar Håvard Skibenes.
Ambisiøse planar
Håvard Skibenes har saman med faren, Hans Skibenes, jobba med dei ambisiøse planane i eit par års tid.
Gondolbana skal starta i 450 meters høgde på vestsida av Strynefjellet, og gå opp til inngangen av Jostedalsbreen nasjonalpark.
Med i planane høyrer også ein overnattingsstad på toppen, fortel Skibenes.
Stor attraksjon
- Eg tykkjer det er flott at dei tenkjer alternativ, seier Nils P. Støyva, ordførar i Stryn kommune.
- Det er heilt klart dette vil bli ein stor attraksjon dersom planane let seg realisera.
Naturvernforbundet skeptisk
- Me ynskjer ikkje den same utviklinga som har vore i Sveits og Østerrike. Der er det gondolbaner så og seia opp til kvar einaste fjelltopp, seier fylkesleiar i Naturvernforbundet, Jon Farestveit.