Hopp til innhold

No vil ordføraren be innbyggjarane om råd

Politikarane i Gloppen vil ha folkerøysting om kven kommunen skal slå seg saman med i framtida.

Anders Ryssdal

VIL BE OM RÅD: Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen vil be innbyggjarane om råd om kva retning dei skal sjå når kommunen skal bli større.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Før avgjerda om E39 kom var tanken at Eid ville vere den mest aktuelle kommunen å slå seg saman med. Då gjerne som del av ein større regionkommune i Nordfjord.

Men etter at Regjeringa bestemte seg for at E39 i framtida skal gå via Stryn, og krysse fjorden der i staden for på Anda-Lote, har ting blitt vanskelegare.

Ordførar Anders Ryssdal (Sp) vedgår at kabalen har blitt tøffare å leggje, og vil la folket ta avgjerda.

– Eg synest dette er så vesentleg at glopparane må få seie noko om det.

– Eg har antyda for formannskapet at vi skal lage modellar, og så skal desse leggjast fram for folket i ei rådgjevande folkerøysting i samband med valet, seier ordføraren til NRK.no.

E39-bru skal ikkje gå i midtre

For Gloppen er no i villreie om kven dei skal slå seg saman med når kommunereforma kjem.

I utgangspunktet var planen samanslåing med Eid og gjerne fleire, forankra i eit fleirtal i kommunestyret. Men dette vedtaket var vilkårsbunde at det skulle kome bru over Lote-Anda, der det i dag går ferje.

Regjeringa har lenge vore i tenkeboksen om kvar E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord. Det har stått mellom ei bru via Stryn eller ei bru Anda-Lote. Sist veke kom endeleg avgjerda, og det vart klart at E39 i framtida skal gå via indre linje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anda-Lote

IKKJE LENGER E39: E39 skal i framtida ikkje lenger gå via Anda-Lote. Det kom fram då Regjeringa sist veke avslørte at dei vil at E39 skal krysse Nordfjord via bru ved Stryn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ser mot Førde

Kva retning Gloppen skal sjå når dei skal bli del av ein større kommune er dermed blitt litt meir uklart. Leiar i Gloppen Høgre, Annikken Rygg, støttar tanken om å be innbyggjarane til råds med ei folkerøysting.

Ho ser føre seg to alternativ, anten nedover mot Førde eller nordover mot Eid.

– Eg synest det kan vere aktuelt å vere såpass dristig at vi tenkjer så store tankar, ja. Vi hadde sett føre oss ein stor Nordfjord-region som var løyst på ein god måte med bru over Anda-Lote, og god kommunikasjon mellom sentra.

– Det kan jo vere ei framtidig bru likevel kan kome der, om den så ikkje heiter E39, og då er det sjølvsagt aktuelt å igjen tenkje nordover, seier Rygg.

Held fast ved Nordfjord

Venstrepolitikar Peder Lofnes Hauge meiner Gloppen ikkje skal gje opp Nordfjord. Nyleg bestemte kommunalkomiteen på Stortinget at ein skal sjå kommunereform og vegbygging i samanheng.

– Eg trur det er fullt mogleg å få på plass ei bru Anda-Lote som eit sjølvstendig prosjekt. At det no berre er naturleg å sjå mot Førde, det er eg ikkje samd i, seier Lofnes Hauge.

Trass i at E39-brua skal gå i indre er politikarane NRK snakka med lunke til ei samanslåing med Stryn åleine.

– Stemninga er ikkje så positiv til det. Men ein skal ikkje sjå bort frå det, seier ordførar Anders Ryssdal.