Hopp til innhold

Meiner ein må få fleire turnuslegar for å unngå utanlandske vikarlegar

Mangel på norske legar gjer at kommunane blir tvinga til å leige inn utanlandske vikarlegar dei ikkje kjenner bakgrunnen til. Fylket får kvart år 36 turnuslegar. – Vi burde hatt det dobbelte, seier legevaktsjef i Sunnfjord, Øystein Furnes.

Øystein Furnes

MÅ TA GREP: Legevaktsjef i Sunnfjord, Øystein Furnes, meiner ein må ta grep for å få ned behovet for utanlandske vikarlegar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Skal vi motarbeide dei tilstandar som har vore ved Nordfjord legevakt, så er nøkkelen å få minst mogleg bruk av vikarlegar og ha mest mogleg stabile, eigne legar, seier Furnes.

Han legg til at rekrutteringa er best blant nyutdanna turnuslegar.

– Og då er det viktig å ha plassar til dei, seier Furnes.

Er avhengige av utanlandske vikarlegar

Tidlegare i sommar kom det fram at Nordfjord legevakt vil prøve å kutte ned bruken av vikarar som er knytte til legevaktordninga. Bakgrunnen er mellom anna tilsynssaka mot ein vikarlege som har vedgått at han var rusa på jobb.

Fylkeslegen har signalisert at kommunane no kan vente seg fleire tilsyn der det vert sjekke korleis dei handterer tilsetjing av legevikarar, etter fleire episodar der spesielt legevikarar på legevakt har fungert dårleg. Nokre har vore rusa, andre har vore inkompetente.

For i det heile å få tak i nok legar, er norske utkantkommunar avhengige av å leige inn utanlandske vikarlegar.

Dette er legar kommunane ikkje kjenner på førehand, og kvaliteten på legane har vist seg å vere variabel.

Ville fått mindre behov

Mellom anna er tre danske vikarlegar under gransking frå Statens helsetilsyn grunna svært kritikkverdige forhold medan dei jobba ved Nordfjord legevakt.

Med fleire turnuslegar ville behovet for å leige inn utanlandske legar vorte mindre, seier Furnes. Det burde også vore mogleg å prioritere turnuslegar som opphavleg kjem frå Sogn og Fjordane, meiner han.

– Skal vi tenkje rekruttering for legar i framtida, må vi våge å prioritere legar som høyrer til her, seier Furnes.

Har ikkje høve til å velje

Mats Rekve, fungerande fagdirektør i Helse Førde, seier det vil vere brot på regelverket dersom turnuslegar med opphav frå eige fylke blir prioritert føre andre.

– Vi har fått ein uttale frå ESA om at vi ikkje har høve til det innanfor den europeiske arbeidsmarknaden, seier Rekve.

Furnes meiner det berre er tilfeldig at ikkje også Sunnfjord legevakt har fått vikarlegar som ikkje har fungert.

– Problemet er at vikarlegar er ukjende legar. Då er til dømes rusproblematikk noko ein ikkje oppdagar med ein gong, seier Furnes.