Hopp til innhold

«Det er altfor lang tid»

Det tok ein og ein halv månad frå den danske vikarlegen vart teken rusa på jobb ved Nordfjord legevakt, til han vart nekta å jobbe som lege i Noreg.

Nordfjord sjukehus

RUSA PÅ JOBB: Legen var rusa på jobb ved Nordfjord legevakt. Likevel tok det seks veker før Statens helsetilsyn tok lisensen til å jobbe som lege i Noreg.

Foto: Nyhetsspiller

At det tok seks veker frå legen var rusa på jobb til han mista lisensen er svært kritikkverdig, meiner pasientombod Lisa Førde Refsnes.

– Det er altfor lang tid, seier Refsnes, som meiner legen burde vorte suspendert med ein gong.

– Omsynet til pasientar må stå i høgsetet

Lisa Førde Refsnes

FOR LANG TID: Pasientombod Lisa Førde Refsnes er svært kritisk til at det tok seks veker før Statens helsetilsyn tok lisensen frå legen som var rusa på jobb i Nordfjord.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Det var i slutten av januar i år at både pasientar og helsepersonell reagerte på at den danske vikarlegen var sløv, irritabel og lukta alkohol. Han undersøkte mellom anna ikkje skikkeleg ein suicidal pasient.

Likevel fekk legen, som i ettertid har vedgått at han var rusa på jobb, halde fram til døgnvakta var ferdig.

I går kom det fram at den same legen hadde gjort så mange alvorleg feil at han fem gonger tidlegare har fått krass kritikk frå danske helsestyresmakter.

No viser det seg at Statens helsetilsyn brukte ein og ein halv månad på å få han suspendert. Førde Refsnes er kritisk.

– Dette må skje omgåande. Omsynet til pasientar og pasienttryggleik må stå i høgsetet og gå først.

– Jobbar så raskt som mogleg

Statens helsetilsyn vil ikkje kommentere saka på radio, men i ein epost til NRK blir det påpeika at helsetilsynet handsamar sakene så rask som mogleg etter kor alvorlege dei er.

Men med skriftleg sakshandsaming, som mellom anna stiller krav til å opplyse saka ved at helsepersonell har høve til å uttale seg, tek det likevel ein del tid, heiter det i e-posten.

Legen jobbar vidare i Saudi-Arabia

NRK var måndag i kontakt med den danske vikarlegen som opplyste at han i mars i år byrja å jobbe som lege ved eit sjukehus i Saudi-Arabia.

Han ville ikkje uttale seg om då han var rusa ved Nordfjord legevakt.

Førde Refsnes likar ikkje at legen jobbar vidare ved eit sjukehus i utlandet.

– Om det er ein lege som reiser frå Noreg til Saudi-Arabia eller om det er andre vegen: Arbeidsgjevar har ei plikt. Dei må sjekke referansar og sjekke papir, for å sørge for at dei har godt kompetent personell.