Hopp til innhold

Rusa vikarlege får ikkje lenger jobbe i Norge

Den danske vikarlegen som i januar var rusa på jobb ved Nordfjord legevakt, kan ikkje lenger jobbe som lege i Norge.

Nordfjord sjukehus

RUSA PÅ JOBB: Legen var rusa på jobb ved Nordfjord legevakt i januar. No har Statens helsetilsyn teke frå han autorisasjonen.

Foto: Nyhetsspiller

Det er Statens helsetilsyn som har fatta avgjerda.

– Statens helsetilsyn har orientert Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om at denne legen har mista sin autorisasjon som lege i Norge, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.

Ikkje skikka til å jobbe i Norge

I januar i år vart vikarlegen sett under gransking av fylkeslegen, etter mistanke om at han var rusa på si aller første vakt ved Nordfjord legevakt.

Alt då skal legen ha lukta alkohol, og han skal ikkje ha klart å ta til seg informasjon, går det fram i eit skriv frå fylkeslegen. Laurdag morgon skal legen ikkje ha fungert i legevaktrolla, verken med tanke på å lære seg rutinar eller gjere forsvarlege konsultasjonar, heiter det vidare.

Jacob Andersen

LEGEN VAR IKKJE SKIKKA: Assisterande fylkeslege Jacob Andersen seier legen ikkje kunne utføre jobben på grunn av rusmiddel.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Statens helsetilsyn har no avgjort at mannen ikkje er skikka til å gjere jobben som lege.

– Slik NRK har vore inne på tidlegare, var det her tale om at legen ikkje var skikka til å utføre jobben sin på grunn av bruk av rusmiddel, seier Andersen om avgjerda til helsetilsynet.

Kan ikkje sjå bort frå at legen kan jobbe i andre land

NRK har tidlegare fortalt at den danske legen hadde gjort så mange alvorleg feil at han fem gonger tidlegare har fått krass kritikk frå danske helsestyresmakter.

Då NRK var i kontakt med den danske vikarlegen i august, opplyste han at han hadde jobba som lege ved eit sjukehus i Saudi-Arabia sidan mars. Han ville ikkje uttale seg om då han var rusa ved Nordfjord legevakt.

Det er uklart om dette påverkar mannen sitt arbeid som lege i andre land.

– Eg kan ikkje uttale med om konsekvensar i andre land. Ting som har skjedd i Norge får konsekvensar for legen sin autorisasjon i Norge, seier Andersen.

Så han kan framleis jobbe som lege i andre land?

– Det kan eg ikkje sjå bort frå, seier han.