Hopp til innhold

Vil frede Astruptunet

Astruptunet og nabotunet må fredast. Det krev arbeidsgruppa for Astrupsenteret i eit brev til Riksantikvaren.

Astruptunet
Foto: NRK

Gruppa vil hindre planane om eit moderne besøkssenter, som vil gjere til at nabotunet vert rive.

Nikolai Astrup kjøpte det brattlendte småbruket på Sandalstrand i 1912 og bygde atelier der.

Vil ha besøkssenter på Ålhus

Jøran Aalhus, som er leiar for arbeidsgruppa, seier til Bergens Tidende at det vil vere kriminelt å rasere nabotunet. Han vil heller ha senteret på Ålhus.

Det meiner også tidlegare fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane, Lidvin Osland, som ser føre seg ein kulturhovudstad på Ålhus .

Men ordførar Gerd Dvergsdal seier det er uaktuelt å legge senteret på andre sida av vatnet.