NRK Meny
Normal

Vil dekke skyssen til tannlegekontoret

Mange får lenger reiseveg når fleire av tannklinikkane i fylket blir lagt ned. Difor vil fylkeskommunen dekke nokre av reiseutgiftene.

Clara Øberg

SKYSS: Direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Clara Øberg, vil at fylkeskommunen skal dekke nokre av reiseutgiftene til pasientane.

Foto: NRK

I starten av året fortalde fylkeskommunen at dei planleggar å leggje ned ei rekke av tannklinikkane i Sogn og Fjordane.

I dag er det 28 tannklinikkar i fylket, men talet skal reduserast til 18. Ein av årsakene til at talet kuttast, er fordi fylkeskommunen har blitt bedt om å spare pengar.

– Det er klart at når vi legg ned ei rekke tannklinikkar, så vil ein del pasientar automatisk få lengre reiseveg, seier direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Clara Øberg.

Difor vil ho no at fylkeskommunen skal dekke pasientane sine reiseutgifter over 1000 kroner. Forslaget skal opp til høyring kommande veke.

Saman med Rogaland og Hordaland

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

DEKKER SKYSS: Fylkeskommunen sine kontor i Leikanger i Sogn og Fjordane.

Foto: Arild Nybø / NRK

– For oss er det viktig at pasientane blir likebehandla og i samband med det har vi lagt fram ein ny plan til dekking av skyssutgifter. Det vil sei at ein pasient som får store belastningar og som har mykje arbeid som må gjerast med tennene, vil få ei eigenandel, men utover det få dekka alt av reise, seier ho.

Ei liknande ordning vert forsøkt innført i dei to andre fylka i den nye vestlandsregionen - Hordaland og Rogaland.

– Vi er veldig glad for at vi har kome fram til eit fellesforslag med både Hordaland og Rogaland, seier Øberg.