Hopp til innhold

Sponsing av unge vaksne skaper press på tannlegane

Halv tannlegerekning for dei som enno ikkje er 26 år gamle fører til fulle tannlegekontor og mangel på fagfolk.

22 år gamle Solveig Fredheim Blindheim og 25 år gamle Vilde Nesbakk studerer til å bli tannleger i Bergen.

NY ORDNING: Solveig Fredheim Blindheim og Vilde Nesbakk studerer til å bli tannlegar i Bergen. Det kan bli behov for fleire tannlegar etter at det blei bestemt at staten tar halv tannlegerekninga for dei under 26 år.

Foto: Linnea Skare Oskarsen

Frå 1. januar det offentlege tannhelsetilbodet kraftig utvida.

Staten skal no dekke halvparten av tannlegerekninga heilt fram til fylte 26 år.

Tidlegare har staten berre dekt tannlegeutgifter fram til fylte 20 år.

Den nye ordninga har ført til fleire pasientar, og fleire tannlegekontor rapporterer om alvorleg mannskap- og plassmangel.

– Per i dag er vi ikkje heilt rusta til å ta imot. No ser vi på ulike moglegheiter og kor vi kan auke opp talet på stillingar, seier Agnete Norheim Kaldestad.

Ho har ansvar for klinikkar i Bergen sentrum, Åsane, Arna, Osterøy og Nordhordland og Gulen.

Førebels blir pågangen løyst ved at dei som går til private tilbydarar, får refundert beløpet dei har rett på.

Kaldestad legg til at endringa har skjedd raskt, men at dei skal greie å omstille seg.

Tannlegebehandling

President i Den norske tannlegeforeining synest den nye ordninga er dårleg planlagt.

Illustrasjon: Vegar Erstad / NRK

– Kom brått på

At unge vaksne opp til 26 år får dekt delar av tannlegerekninga var blant krava SV fekk gjennom i budsjettforhandlingane med regjeringa.

President i Den norske tannlegeforeining, Heming Olsen-Bergem, seier den nye ordninga er dårleg planlagt, og gjer det vanskeleg for fylkestannhelsesjefane kring om i landet å tenke langsiktig.

Per i dag veit vi ikkje om ordninga med utvida rabattert tannbehandling blir vidareført, seier han.

I Vestland har fylkesdirektøren etterspurt tiltak for å kunne tilpasse tannhelsetenesta til «hyppige, store og plutselege endringar».

– Vi må ruste oss for å ta imot den nye gruppa av pasientar. Det kom raskt på oss, men vi skal greie det, seier stabssjef for tannhelse, Clara Øberg, i Vestland fylke.

Hittil er 20 nye fagfolk tilsett i tannhelsetenesta, men ifølgje Øberg trengst det langt fleire.

Clara Øberg

Stabssjef for tannhelse, Clara Øberg, i Vestland fylke, seier at det trengst mange fleire tilsette i tannhelsetenesta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fylkeskommunen er no i dialog med dei tillitsvalde om å opprette ei turnusordning, slik at tannlegar kan jobbe både kveld og helg.

Dei har også tatt direkte kontakt med tannlegeutdanninga i Bergen for å rekruttere fleire fagfolk.

– Er det fare for at det blir lange ventelister?

– Det kan skje, men vi må sikre oss at pasientane våre får det tilbodet dei treng, seier Øberg.

Per i dag kjøper fylkeskommunen tannlegetenester frå private aktørar.

Meir press i feriane

For Nordfjordeid tannklinikk betyr den nye tannhelseordninga ein auke på 500–600 pasientar.

Endå har tannklinikken merka lite til dei nye pasientane, men forventar at presset vil auke når dei unge nordfjordingane kjem heim i ferien.

Kristin Lefdal, Nordfjordeid tannklinikk

Klinikkleiar Kristin Lefdal gjer klart til tannbehandling.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Ordninga går utover dei vaksne betalande, som vi må vise til private tannlegar, seier Kristin Lefdal, som er leiar for klinikkar på Nordfjordeid, Sandane og i Stryn.

Les også Frykter lange køer når 21- og 22-åringer skal få halv tannlegeregning

22 år gamle Solveig Fredheim Blindheim og 25 år gamle Vilde Nesbakk studerer til å bli tannleger i Bergen.

Også i Oslo er det utfordrande å omstille seg til den nye ordninga.

– Vi har ikkje kapasitet til å behandle denne gruppa sjølv, seier avdelingsdirektør Per Christian Prøsch i Oslo kommune.

Han fortel at dei har etterslep på innkalling av gruppene dei er lovpålagde å prioritere, og i staden har latt brukarane nytte seg av private tannhelsetenester.

Gjennomfører valkampløfte

Helsepolitisk talsperson i SV, Marian Hussein, er oppgitt over dei negative reaksjonane på nyordninga.

Ho synest det er underleg at tannlegeforeininga er overraska over at politikarar gjennomfører det dei har sagt i valkampen.

Marian A. Hussein (SV)

Helsepolitisk talsperson i SV, Marian Hussein, seier det er «underleg» at tannlegeforeininga er overraska over at politikarar gjennomfører det dei har sagt i valkampen.

Foto: Tom Balgaard/NRK / NRK

– Stortingsvalet i 2021 gav oss eit fleirtal for ein tannhelsereform, noko 90 prosent av det norske folk har ønska seg over lang tid, seier ho.

– Kva seier du til kritikken om at det har vore for dårleg planlagt?

– Det vil vere krevjande å byggje ut kapasiteten, men eg har også møtt mange som er glade for at vi endeleg satsar på munnhelse.

Les også Unge kan fikse tennene for halv pris – mange vet ikke om det

Anja Blofeld med tannbørste.