– Vi har eit ynske om ei nyinvestering i psykiatrien, altså å få samla og modernisert tilbodet. I dag leiger vi mellom anna lokale til deler av tenestene. Styret har vore inne på tanken tidlegare, men det har ikkje vore økonomisk rom for det, fortel Helse Førde-sjef, Jon Bolstad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
No håpar helseføretaket å få med seg Helse Vest på eit spleiselag for å få bygget på plass.
– Vi har søkt Helse Vest om særskilt finansiering på ein investeringspakke, på mellom 400 og 500 millionar kroner. Det vil vere ei satsing på born, ungdom og vaksne med døgntilbod og poliklinikkar for psykiatri i Sunnfjord.
Slik planane er utforma skal bygget settast opp i tilknyting til Sentralsjukehuset på Vie i Førde.
– Det er på vår tomt, så det er litt av bakgrunnen for at vi ynskjer å sjå på korleis arealplanane bør vere i tida framover, fortel Bolstad.
Søknaden er ikkje ferdigbehandla i Helse Vest enno.