Hopp til innhold

«Nordfjord sjukehus vil få eit breiare tilbod enn sjukehuset i Volda»

Nordfjord sjukehus vil i framtida ha eit breiare tilbod enn Volda sjukehus. Det meiner leiar for utviklingsprosjektet «Framtidas sjukehus», Odd Søreide.

Nordfjord Sjukehus

BLIR FORNYA: Om alt går etter planen til utviklingsgruppa i Nordfjord vil det bli store endringar ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter at Nordfjord sjukehus mista fleire sentrale pasienttilbod har det vore stor debatt om tilknyting til Volda sjukehus, som fleire pasientar heller ville nytte framfor sentralsjukehuset i Førde som låg lenger vekke.

Men i framtida kan den store gruppa pasientar sleppe å ta dette valet, og heller komme til Nordfjord sjukehuset, meiner Odd Søreide.

– Best for dei store gruppene

Han har stått i spissen for utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus, og hevdar no at Nordfjord sjukehus vil i framtida ha eit breiare tilbod enn det Volda har.

– Vår kartlegging viser at i stor grad så brukar folk polikliniske tenester eller dagbehandlingstenester. Det å bli innlagd er sjølvsagt viktig for å sikre folk gode tenester når dei treng det, men for dei store gruppene vil det vere dagbehandlingstenesta, poliklinikkane og dei utvida tilboda der som gir gode og robuste tenester, seier Søreide.

Utviklingsprosjektet «Framtidas sjukehus» har onsdag hatt sitt siste møte. Der har dei presentert arbeidet for kva funksjon Nordfjord sjukehus vil ha i framtida. Og dette tilbodet vil bli vel så bra som i Volda, meiner prosjektleiaren.

– Det breie dagbehandlingstilbodet og dei nye polikliniske tenestene er breiare enn det du finn i Volda. Dette er ikkje nokon nedvurdering av Volda, men berre for å peike på at vi forsøker å få til eit godt tilbod i Nordfjord, seier han.

– Må samarbeide med Førde

Søreide meiner heller ikkje det vil vere berekraftig for Nordfjord sjukehus å slå seg saman med Volda, slik mange har ønskt. Han meiner sjukehuset er betre tent med å samarbeide med sentralsjukehuset i Førde.

– Det viktige er at Nordfjordområdet er relativt lite, og det er eit relativt avgrensa underlag for å byggje robuste og gode sjukehus. Så du skal ikkje rokke veldig mykje ved dette før heile grunnlaget for sjukehuset forvitrar og forsvinn. Oppgåva vår har vore å byggje eit sterkt og godt Nordfjord sjukehus, og det er det vi tek utgangspunkt i. Vi trur at dei modellane som vi legg fram no vil sikre sjukehuset over tid, seier Søreide.

Store endringar

Odd Søreide

OPTIMIST: Odd Søreide, leiar for utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus.

Og det er mykje nytt som etter planen skal vere ein del av eit fornya sjukehus i Nordfjord. Blant anna dreg han fram ei auka dialyseaktivitet, ei meir enn dobling av behandlingseiningar, nye poliklinikkar innan auge, øyre, nase og hals, samt eit nytt rustilbod og akuttilbod innanfor psykiatrien.

Han trur mange er overraska over kor breitt tilbodet vil bli.

– Vi har hatt ein betydeleg informasjonsrunde i siste del av prosjektet. Eg har eit inntrykk av at folk er overraska over kor breitt dette tilbodet vil vere, og kor mange nye ting ein har fått på plass, seier Søreide.

– Blir dette varige funksjonar?

– I utviklingsprosjektet har vi med Helse Førde som er eigar av sjukehuset, og dei skal iverksetje dette. Eg har ikkje høyrt noko signal om at dei ikkje vil realisere dei planane som no er lagt. Tvert om fekk ein på eit informasjonsmøte for fastlegane tysdag, ei god oversikt over kor langt Førde var komme i denne prosessen og planane for det som stod att.