Hopp til innhold

Helse Førde vil byggje for ein milliard

No vil dei i dialog med Helse Vest om økonomisk støtte.

Sentralsjukehuset i Førde.

BLIR OMBYGD: Førde sentralsjukehus ventar eit større ombyggings- og renoveringsarbeid i åra framover.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Under dagens styremøte vedtok Helse Førde at dei vil renoverer og byggje om sentralsjukehuset i Førde for ein milliard kroner. I tillegg kjem det også nybygg til psykiatrien.

Det er ein god del ting som skal gjerast, seier styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

– Vi ser at det er ein god del ting som må gjerast. Vi hadde ein som representert firmaet som har sett på sjukehusmassen, spesielt i Førde, og det som var gledeleg å høyre at den eldste delen av sjukehusbygget i Førde er godt mogleg å få renovert og godt tilpassa nye krav. Men vi treng ein del areal i tillegg.

Endrar den gamle bygningsmassen

I planane ligg det at ein del funksjonar på sjukehuset som vart bygd på 70-talet, vil bli flytta om på. Samstundes seier Ringstad at det er fleire område som ein kan skjere ned på.

– Medisinsk utvikling har endra seg, og no har ein sett på total bygningsmasse og ein del endringar vil det bli på den gamle bygningsmassen. Då er utfordringa at vi skal drive sjukehus samstundes som ein driv renovering og ombygging, så her må ein leggje nøye planar for korleis ein skal byrje og korleis rekkjefølgja skal vere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jorunn Ringstad

MYKJE ARBEID: Styreleiar i Helse Førde ønskjer no hjelp frå eigar Helse Vest til å gjennomført byggjeplanane raskare.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kan ta tjue år

Det har i lenger tid vore snakka mykje om økonomien til Helse Førde, og fleire gonger har administrasjonen måtte spare pengar. No er budsjettet nokolunde i balanse, og det kan då verke rart å skulle investere ein milliard i renovering og ombygging. Om Helse Førde skal ta på seg alle kostnadene sjølv vil det ta tjue år før arbeidet er gjennomført.

– Dersom ein skal snakke om den kontantstraumen, altså det som føretaket sjølv kan greie per år, så snakkar vi om rundt 50 millionar per år i tjue år, seier ho.

Ho fortel at det var eit klart signal frå styret at dei ikkje kan bruke så lang tid.

– Difor har styret i dag endra på tre av punkta som låg frå administrasjonen. Eit av dei går kort og godt på at vi ønskjer ei komprimering av byggjeperioden som var føreslegen i utgangspunktet, men då med kontantstraum berre frå eige føretak. Dette vil også skal takast opp med Helse Vest som eigar, seier Ringstad.

Vil i dialog med eigar

Men for å få nybygg innan psykiatrien realisert må ein ha midlar utanfrå.

– Då klarar vi ikkje å få det framskunda så veldig mykje. Det som er fordelen med psykiatrien oppi desse planane her, er at det ikkje skal vere innanfor den eksisterande bygningsmassen i stor grad. Der er det snakk om nybygg, og då er vi ikkje så avhengige av den rekkjefølgja på renoveringsprosjekta, seier ho.

– Kor enkelt er det å få skaffa midlar utanfrå?

– Det er vanskeleg å spå kor lett eller vanskeleg det skal vere. Men no har psykiatribygging vore skuva i tid fleire gonger, så vi ser at det er ein moglegheit dersom vi berre greier å skaffe midlane som skal til. Så det er vilje i styret å skuve fram psykiatrien, og heile utbygginga, men då må det setjast i gang ein dialog med Helse Vest, og det har styret pålagd administrasjonen å gjere.