Hopp til innhold

Bø-brørne kjempar mot skulenedlegging

Brørne Tarjei og Johannes Bø tek no opp kampen for å behalde skiskyttar-utdanninga ved Stryn vidaregåande skule.

skiskyttar

SATSAR: Astrid Wathne Mathiessen vil satse vidare på skiskyting med Stryn vidaregåande som base.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Gullmedaljar kjem ikkje av seg sjølv. Ein må framleis ha det tilbodet for at ein skal klare å få gode resultat i framtida, seier OL-vinnar Tarjei Bø.

Han reagerer sterkt på at i alle modellane til framtidig skulestruktur i Sogn og Fjordane er idrettsfag ved Stryn vidaregåande føreslege nedlagt. Det er verksemda Norconsult som har laga forslaga som no skal vurderat politisk.

– Fungerte veldig bra

Veslebror Johannes Bø er heilt samd. Han meiner at det vil vere eit stort nederlag for toppidrett frå Sogn og Fjordane om tilbodet forsvinn.

– Vi var seks stykk på første kullet og det fungerte veldig, veldig bra. Neste år igjen kom det seks nye og tilsaman då eg gjekk i 3. klasse var vi 18 personar. Då plukka vi NM-titlar på alle trinna. Vi er framleis mange som kjempar i toppen. Den skulen har hatt veldig masse å seie for oss, sler Bø fast.

Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø

GULLBRØR: Tarjei og Johannes Bø kjempar no for oppretthalding av idrettsfag på Stryn vidaregåande skule.

Foto: Karl Kristan Langeland/Rune Fossum (Montasje) / NRK

Mange medaljar

SIdan starten i 2009 har elevar frå skiskyttarklassen i Stryn teke 29 gullmedaljer i nasjonale og internasjonale renn. I tillegg til ei rekkje sølv- og bronsemedaljar.

For elevane som går der i år, føles forslaget om nedlegging som uverkeleg. Astrid Wathne Mathiessen meiner tilbodet er altfor bra og viktig til å forsvinne.

– Det er galskap å legge den ned, den er veldig viktig for miljøet. Det gir oss moglegheita til å satse med eit tilbod i og etter skuletid. Totalt sett så er tilbodet veldig bra, seier ho.

– Store konsekvensar

Ho får full støtte frå Torstein Tvinnereim som er koordinator for idrettsfaga ved Stryn vidaregåande skule.

– Vi kjem til å mangle det aller, aller beste tilbodet der vi faktisk har tilrettelagt for at folk skal bli så gode som dei berre har lyst til. Konsekvensane vil vere at dei beste utøvarane sannsynlegvis vil velje å reise ut av fylket på toppidrettsliner andre stader, meiner Tvinnereim.

Støtte frå forbundet

Også Norges Skiskytterforbund går no ut med sterk støtte til skulen i Nordfjord, og har sendt brev til fylkeskommunen.

– Vi har gjennom fleire år hatt eit godt samarbeid med Stryn VGS, som
er forankra gjennom ein intensjonsavtale mellom partane. Stryn vidaregåande er ein særs viktig samarbeidspartnar for skiskytterforbundet gjennom det
ansvaret skulen tek for å tilrettelegge for skiskyting og utdanning på vestlandet, skriv forbundet.