Hopp til innhold

- Anonyme nettdebattar kan føre til meir vald og truslar mot politikarar

Kvar femte politiske toppkandidat har opplevd vald og sjikane. Anonyme nettdebattar har mykje av skulda, meiner fleire lokalpolitikarar.

Jenny Følling/nettdebatt

NEI TIL ANONYME DEBATTAR PÅ NETT: Fylkesordførarkandidat i Sogn og Fjordane, Jenny Følling meiner dei er ein fare for demokratiet.

Foto: Bildemontasje

Oppskorne bildekk, sjikanerande telefonoppringingar, grove truslar og vald. Det er berre ein del av prislappen norske lokalpolitikarar må betale for å vere med i kommunestyra.

Ei undersøking gjort av NRK viser at kvar femte toppkandidat har opplevd vald og sjikane.

Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat i Sogn og Fjordane, Jenny Følling meiner anonyme debattar på nett har ein del av skulda.

– Eg meiner det er ei heilt klar kopling. For når folk slepp å skrive namnet sitt under eit innlegg kan folk tillate seg å skrive nesten kva som helst, seier Følling til NRK.no.

Så mange opplever truslar og sjikane

Mange lokalpolitikarar opplever at folk er langt frå nøgde for jobben dei gjer i kommunestyra. Vald og truslar er noko fleire har opplevd, mellom anna Framstegspartiet sin ordførarkandidat i Sandnes, Pål Morten Borgli.

Pål Morten Borgli

KVELARTAK: Ein veljar tok kvelartak på Pål Morten Borgli, ordførarkandidat for FrP i Sandnes.

Han opplevde at ein innbyggjar tok kvelartak på han.

– Eg var ute med familien og vart konfrontert av ein veljar som var frustrert over det offentlege systemet. Det var mykje aggresjon som førte til ein valdeleg situasjon og enda med at personen tok kvelartak på meg, seier Borgli som også har teke imot drapstruslar.

Og han er ikkje åleine. NRK har spurt 1916 listetoppar frå landets åtte største parti om dei har opplevd vald, truslar, hærverk eller sjikane i si tid som lokalpolitikarar. Kvar femte svarar ja.

Vil anonyme nettdebattar til livs

Statistikken viser at dei som har vore lenger i kommunestyret er meir utsette for sjikane. Følling meiner det er på høg tid at ein tek eit oppgjer med anonym sjikane på internett fordi.

For dei mange personåtaka i nettdebattane kan føre til meir vald og truslar mot lokale folkevalde meiner fylkesordførarkandidaten.

– Dette er ein fare for demokratiet, seier Følling.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jenny Følling

TILLET SEG FOR MYKJE: Følling meiner folk skriv nesten kva som helst når dei slepp å skrive namnet sitt under.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vart kalla «hjernedød»

Høgrepolitikar i Florø, Hanne Husebø Kristensen, har sjølv blitt utsett for usakleg skitslenging på Internett.

– Det er veldig ofte generelle skildringar som at eg er dum, vondskapsfull, korrupt eller kunnskapslaus. Eg har også vore omtala som «hjernedød», seier Husebø Kristensen til NRK.no.

Lokalpolitikaren vil forby anonyme kommentarar i nettdebattar.

Vil ha meir aktive redaktørar i staden

Men generalsekretær i Norsk redaktørforeining, Nils Øy, er usamd.

Han seier anonyme innlegg ikkje er problemet, men at redaktørane er for passive.

– Generelt burde redaktørane vore langt flinkare til å både delta i debattane, men også til å redigere dei, seier Øy.