Hopp til innhold

Vikjene føler med folket i Selje

VIK (NRK): For seks år sidan brann hotellet i Vik. I dag har vikjene medkjensle med folket i Selje, som i natt mista sitt hotell i flammane.

Kåre Berge

HOTELLBRANNEN GJER INNTRYKK: – Det må vera trist for seljeværingane, seier Kåre Berge frå Vangsnes. I Vik var dei sjølv ute for det same i 2010. Nye Blix hotell (i bakgrunnen) blei opna for eitt år sidan.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg såg bileta av hotellbrannen i Selje på nettet, og det var heilt ...

Kåre Berge leitar etter det rette ordet:

– Eg tenkjer på dei som bur der; det må vera trist. Berre det å sjå ruinane i tida som kjem, på same måten som det var her i Vik for nokre år sidan.

Berge har vore på handel og lempar matvarene inn i bilen som står parkert utanfor Coop Extra på Vikøyri. På den andre sida av riksvegen ligg Blix hotell, bygd opp att på ruinane av gamle Hopstock Hotell som brann 28. mai 2010.

Brann ved Hopstock hotell

UTAN HOTELL I FEM ÅR: Natt til 28. mai 2010 brann Hopstock Hotell.

Foto: Ingrid Elina Røyrvik

Berge minnest godt den dagen:

– Eg var på ferie i Italia, og eg tykte det var heilt skremmande å høyra om det som hadde skjedd. Å koma heim att og sjå det sterkt brannskada hotellet var eit trist syn.

Selje mista hotellet sitt

I natt kom altså Selje Hotel ut for det same. Store deler av det vinterstengde hotellet gjekk tapt i brann.

– Eg kan tenkja meg at folket i Selje har det like fælt som me hadde det, seier Magne Rinde.

Også han kjem ut av butikken med handleposen hengjande frå neven:

– Selje Hotel var eit spesielt hotell, på same måten som Hopstock.

Magne Rinde

MEDKJENSLE FRÅ SOGN: – Eg fekk tilbake den dårlege kjensla frå den gongen hotellet i Vik brann, seier Magne Rinde.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Då Rinde såg bileta av brannen i dag tidleg, gjekk tankane tilbake til hotellbrannen i 2010.

– Eg fekk tilbake den dårlege kjensla frå den gongen.

Samlingspunkt

Eit hotell er eit viktig samlingspunkt i bygder som Vik og Selje, og difor kan det bli eit sakn i Selje, slik det var i Vik, trur Kåre Berge:

– Hotell er ein funksjon som ei bygd bør ha. Der kan folk møtast ved festlege høve og i andre samanhengar.

I Vik var bygdefolket lenge uroa for at hotellet ikkje skulle byggjast opp att. Men 11. desember i fjor kunne dei nye eigarane Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik opna dørene til nye Blix hotell.

– Det var heilt fantastisk. Noko anna er ikkje å seia, seier Berge.

Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik

BYGDE OPP ATT HOTELLET I VIK: Etter eit omfattande oppbyggingsarbeid kunne Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik opna nye Blix hotell i desember i fjor.

Håpar på nytt hotell

Å setja i stand eit brannskada hotell på ein liten stad er ikkje berre enkelt. Like fullt håpar Berge at folket i Selje får hotellet sitt att:

– Det håpar eg verkeleg. Eg tenkjer på sommarsdagen på Stadlandet utan eit einaste hotell – det må vera leitt.

Både Berge og Rinde føler med folket i Selje:

– Ja, det gjer eg verkeleg, seier Berge.

– Eg kunne høyra at dei i Selje som blei intervjua på radioen, tykte det var trist. Og det tykte eg òg, seier Rinde.