Hopp til innhold

I dag fekk Vik hotellet dei har venta på i fem år

VIK (NRK): Vikjene var redde for at det brannskada hotellet ikkje skulle bli bygt opp att. Gleda var difor stor i dag då Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik kunne opna dørene til nye Blix hotell.

Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik

LOKALE EIGARAR: Etter eit omfattande oppbyggingsarbeid kan Magne og Jorunn Åsfrid Røyrvik ønskja bygdefolk og tilreisande velkomen til nye Blix hotell.

– Det er på grensa til å vera uverkeleg at me i dag kan opna hotellet, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik.

Eigaren og den daglege leiaren for nye Blix hotell står smilande i resepsjonen og tek imot gratulasjonar frå bygdefolk, samarbeidspartnarar, ordførar, varaordførar og rådmann i Vik.

– I halvtanna år har me arbeidd hardt fram mot denne dagen. Hotellbygningen var totalskadd, så det har vore ein stor jobb, seier Røyrvik.

Olav Turvoll og Jorunn Åsfrid Røyrvik

VIKTIG FOR BYGDA: – Me var redde for at det ikkje skulle bli noko, men no viser hotellet seg i all si prakt, seier ordførar Olav Turvoll som gir eigar Jorunn Åsfrid Røyrvik ein klem ved opninga av Blix hotell.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fem år sidan hotellbrannen

Det har gått fem år sidan Hopstock Hotell brann (sjå faktaboks). Etter det har ikkje kommunen hatt hotell.

– Det var ein trist dag. Mange opplevde det som eit sakn å ikkje ha hotell i bygda.

Røyrvik, som mangeårig leiar i skiskyttargruppa i Vik idrettslag, blei ikkje minst råka då skiskyttargruppa måtte seia frå seg junior-NM ved Vik skisenter i 2012, fordi dei ikkje kunne bruka hotellet til overnatting og arrangementsknutepunkt.

Brann ved Hopstock hotell

UTAN HOTELL I FEM ÅR: Natt til 28. mai 2010 brann Hopstock Hotell.

Foto: Ingrid Elina Røyrvik

– Står respekt av eigarane

– Dette er flott for heile kommunen og noko me har venta lenge på, seier ordførar Olav Turvoll.

Etter at hotellet brann og blei selt, har det vore to eigarskifte før familien Røyrvik kjøpte hotellet i 2014.

– Me var redde for at det ikkje skulle bli noko, men no viser hotellet seg i all si prakt. Det har blitt ei skikkeleg flott bygg, og ein skulle nesten ikkje tru at bygningskroppen var den same.

For tilreisande og bygdefolket har den sterkt brannskada hotellbygningen midt i Vik sentrum ikkje vore noko lystig syn. Ordføraren er glad Røyrvik-familien kjøpte og sette i stand hotellet.

– Det står det skikkeleg respekt av. Alle veit at det ikkje er enkelt å setja i gang med noko slikt på ein liten plass.

Fjerna 186.464 teglsteinar

Som eigarar av entreprenørfirmaet Røyrvik Bygg og Betong i Vik, har familien Røyrvik kanskje betre føresetnader enn dei fleste for å byggja opp att eit hotell. Men arbeidet har like fullt vore formidabelt, og dei siste vekene har det vore arbeidslys i bygningen store delar av døgnet.

Magne Røyrvik heisar flagget

HISTORISK DAG: Eigar Magne Røyrvik, som har leia oppbyggingsarbeidet av Blix hotell, hadde gode grunnar til å heisa flagget i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Medeigar og pappa Magne Røyrvik, som har leia sjølve renoveringsarbeidet, illustrerer omfanget med 186.464 teglsteinar som er blitt fjerna frå hotellbygningen.

– Det er klart at byggjeerfaringa har vore viktig, men hotelldrift er ein ny bransje for oss, så det har vore mykje å setja seg inn i. Men vi har fått fantastisk god hjelp. Det er nesten med gråten i halsen eg tenkjer på kor velvillige folk har vore, seier Jorunn Åsfrid Røyrvik.

Namn etter «kyrkjebergaren»

Det var Magne Røyrvik som føreslo å kalla det nye hotellet for Blix hotell. Det kan vera med på å kasta lys over den viktige historia til arkitekt Peter Andreas Blix, seier dottera:

– Utan Blix hadde Vik vore ei fattigare bygd. Han redda Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje frå å bli rivne på 1800-talet og var dessutan sterkt knytt til hotellet. Han hadde eit fast rom her i dei 15 åra han restaurerte kyrkjene for sine eigne pengar. Dessutan er Blix eit stilig namn som kling godt på alle språk.

Gjester ved Blix hotell

FYRSTE HOTELLKAFFI PÅ LENGE: Kjell Vikestad (t.h.) ved Arkitektfirma Jon Vikøren AS teikna det nye Blix hotell, her i samtale med kollega Turid K. Brekke (t.v.) og foreldra hennar Brit og Lars Olav Brekke.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hotellet skapar tilflytting

Framleis står det att oppussingsarbeid i den eine fløyen av hotellet, der det skal vera konferanse- og møterom i 1. etasje, og utleige av kontorlokale til dataverksemda Highsoft og andre leigetakarar i 2. etasje.

Men i dag opnar sjølve hotelldrifta med overnatting, kjøken og servering i Blix-kroi.

Røyrvik, som er dagleg leiar, kjem til å vera mykje på hotellet. Men det trengst mykje arbeidshjelp i tillegg, og i november lyste Røyrvik ut stillingar som kokk, kjøkenhjelp, resepsjonist, serveringshjelp og vakter.

– Me har vore heldige og fått dyktige søkjarar. Det er vikjer, heimflytte vikjer og ein tilflyttar. Eg veit at dei dagane eg ikkje er her, vil hotellet vera godt vareteke.

Støtte frå bygda

I hotellresepsjonen strøymer det på med gratulantar med blomar. I tillegg til helsingar frå bygdefolket, har det òg kome gratulasjonar andre stader, som frå Sigurd Kvikne ved Kviknes hotell:

Helsing til Jorunn Åsfrid Røyrvik frå Sigurd Kvikne
Foto: Facebook

– Støtten frå bygdefolk frå dag éin har hatt mykje å seia. Men òg mottakinga frå hotellgruppa i Sogn har varma. Dei tok kontakt med ein gong, og har vore eit flott kollegium, som eg kan ringja å spørja.

Ella Tvinde er berre éi av dei mange som kjem inn døra for å sjå det nye hotellet.

Å få att hotellet betyr mykje for folket i Vik, seier ho:

– Me har venta lenge på dette etter at hotellet brann, så dette gler me oss over.

Jorunn Åsfrid og Magne Røyrvik

FAR OG DOTTER I HOTELLRESEPSJONEN: Jorunn Åsfrid og Magne Røyrvik med fotograf Thomas Morel sitt 2x6 meter store panoramabilete av fjordlandskapet i Sogn, teke frå Kongshaug mellom Vik og Vangsnes i bakgrunnen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK