Hopp til innhold

Vik tener gode pengar på Tysklands-proffen

VIK (NRK): Gustav Valsvik sine overgangar til Sogndal, Strømsgodset og Eintracht Braunschweig har sikra moderklubben over ein halv million kroner.

Gustav Valsvik

KJÆRKOMEN INNTEKTSKJELDE: Gustav Valsvik sin overgang til tysk fotball har åleine gjeve Vik idrettslag oppunder 300.000 kroner i klubbkassen – når både overgangspengar og såkalla solidaritetsmidlar blir rekna med.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Anne Jorunn Fjærestad

NYE GUSTAV VALSVIKAR: – Sogndal Fotball gjer ein god jobb med å følgja opp lokale kretsspelarar og støtta opp om trenarane våre, seier Anne Jorunn Fjærestad, leiar i fotballgruppa i Vik IL.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er særs gledeleg for oss å få desse pengane, og me har lyst å bruka dei på utstyr og aktivitetar, seier Anne Jorunn Fjærestad, leiar i fotballgruppa i Vik idrettslag.

Fjærestad ser utover idrettshallen i Vik, der skuleungane kjempar om å bli den beste fotballgrenda i kommunen. Innsatsen blir ikkje mindre av at Tysklands-proff Gustav Valsvik følgjer med frå sidelinja.

Etter at den høgreiste midtstopparen, som spelte for Vik til han var 16 år, blei seld til Sogndal for seks år sidan, og seinare til Strømsgodset, har Vik idrettslag tent over ein halv million kroner. Over halvparten av pengane fekk dei då 23-åringen gjekk til Eintracht Braunschweig, som leier den tyske andredivisjonen.

Aktivitet og utstyr

Då Valsvik blei seld til Tyskland, fekk Vik:

Vegard Halset

NYTT TALENT: Den 14 år gamle kretslagspelaren Vegard Halset (kvit trøye) er ein av ungdommane i Sogn og Fjordane som blir følgd spesielt opp av Sogndal Fotball.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • Ein liten del av sjølve overgangssummen.
  • I tillegg blei 5 prosent av overgangspengane fordelte på dei klubbane som midtstopparen spelte for frå han var 12 til 23 år, det vil seia Sogndal og Strømsgodset, i tillegg til Vik.

Desse såkalla solidaritetsmidlane (sjå faktaboks under) blir viktige pengar for mange unge fotballspelarar i Vik, seier Fjærestad:

– Dei tidlegare pengane har me spart, fordi me har ønskt å bruka dei på anlegg. Men no har Vik kommune teke over ansvaret for kunstgrasbana i bygda, så me må gjera ei ny vurdering der. Men me ønskjer å gi alle ungar og ungdomar som har lyst å spela fotball, moglegheit for det i Vik, og då trengst godt utstyr.

Dryp godt på Høyanger

Også fleire andre mindre klubbar i Sogn og Fjordane har tent gode pengar på å avla fram fotballspelarar. I Stryn er lista lang: Tore André Flo, resten av Flo-gutane og ei rekkje andre spelarar har i mange år sikra gode inntekter til Stryn og bidrege mellom anna til at klubben har kunna byggja fleire nye fotballbaner i bygda.

Hovland 3

LANDSLAGSSPELAR: Høyanger idrettslag har tent cirka 650.000 kroner på Even Hovland sine overgangar til Sogndal, Molde og FC Nürnberg.

Foto: STOYAN NENOV / Reuters

Også i Høyanger har det drope godt etter at landslagsspelar Even Hovland gjekk frå Sogndal til Molde i 2012 og vidare til tyske FC Nürnberg to år seinare.

– Vi har til saman fått cirka 650.000 kroner. Pengane er brukte til å utvikla spelarar og til drift, seier Svein Arne Høyheim, leiar i fotballgruppa i IL Høyang.

– Proff-pengar er unntaket

I idrettshallen i Vik står vaksne og ungar i kioskkø. Bak salsdisken skjenkar foreldre kaffi og legg vaflane på serviettar.

Sjølv om idrettslaget tenar pengar på Gustav Valsvik, er dugnaden framleis berebjelken for ein breiddeklubb som Vik, seier Fjærestad:

Dugnad grendecup

DUGNAD: Innsatsen til Kjell Tveite (f.h.), Kristin Ulvestad, Anita Høydal, Erlend Brekke (bak) og dei andre foreldra er berebjelken for ein breiddeklubb som Vik. Berre på den årvisse grendecupen kan fotballgruppa få inn cirka 30.000 kroner.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Foreldra gjer ein ufatteleg viktig jobb. Grendecupen betyr mykje for oss økonomisk og går inn i den daglege drifta. Me ønskjer at desse arrangementa skal finansiera den daglege drifta. At me har vore heldige og fått pengar frå proffovergangar, er meir unntaket.