Hopp til innhold

I fjor var det Seglem som vann - kven skal få årets Luttpris?

For niande året på rad skal vi dele ut pris til årets artist frå Sogn og Fjordane, og no ønskjer vi at du nominerer din kandidat til Luttprisen 2014.

Karl Seglem med bukkehorn og hardingfelespillere Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo

FEKK PRIS: Karl Seglem vart tildelt Luttprisen 2013. Her med Sigrid Therese Moldestad til venstre, som også har fått Lutt-prisen, under Vossajazz.

Foto: Erling Wicklund / NRK

Artistar som Eva Weel Skram, Sigrid Moldestad, Karl Seglem, Vreid og Håvard Lothe har tidlegare fått prisen.

Musikarprisen skal gå til ein artist frå Sogn og Fjordane som har utmerka seg særskilt i løpet av det siste året. Vinnaren vert kåra ved hjelp av røyster frå publikum og ein brei og samansett fagjury.

– I år ønskjer vi å involvere heile fylket i å finne ein fortent vinnar. Vi ønskjer at alle som har ein kandidat dei meiner bør vinne, sender oss eit tips om dette til lutt@nrk.no. Du kan også skrive favoritten på eit ark, ta bilete og legge det på Instagram med emneknaggen #luttprisen14 og #nrksf, fortel prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Deretter vil ein fagjury plukke ut ti artistar som får vere med og kjempe om den gjeve prisen. Frist for å sende inn forslag er 15. november.

– Vil hjelpe dei talentfulle med pris

Luttprisen er 25.000 kroner i stipend frå Sparebanken Vest, eit kunstdiplom frå kunstnaren Oddvar Torsheim, speling på NRK Sogn og Fjordane, samt heider og ære.

– Vi har vore med og støtta Luttprisen i mange år. Det har vi gjort for å hjelpe talentfulle og dyktige musikarar vidare framover. Dei satsar i ein tøff bransje, og kanskje kan dette stipendet vere med å hjelpe dei eit viktig skritt vidare, seier Tom Øyvind Solheim i Sparebanken Vest.

Han er spent på kven som blir finalistar til årets pris. Han sit også sjølv i fagjuryen for Luttprisen.

Vert delt ut under Julelutt

Prisen til årets artist vert delt ut under den store julekonserten, NRK Julelutt, i Sogndal kulturhus 13. desember.

På scena står artistar som Tone Damli, Odd-Erik Lothe, Eva & the Heartmaker, Knut Skram, Lena Skjerdal, Laila Beathe Førde.