NRK Meny
Normal

«Kvar dag fryktar eg farlege forbikøyringar på vegane»

Etter 30 år som yrkessjåfør skjedde det han frykta mest av alt; å bli innblanda i ei trafikkulukke i samband med ei forbikøyring.

Bjørn Fonn blei involverte i trafikkulukke

TENKJER På ULUKKA: Bjørn Fonn opplevde ei møteulukke på nært hald og tenkjer mykje på det som skjedde.

Foto: Montasje

Bilulukke fylkesveg 60

STORE SKADER: Den eine bilen trefte bussen og blei dregen bakover.

Foto: Jan Ivar Vik / NRK

I løpet av åra bak rattet, har bussjåfør Bjørn Fonn sett mykje farleg køyring på vegane. I august i fjor opplevde bussjåføren det han har frykta i mange år:

Ein ung bilførar bestemte seg for å køyre forbi bussen. Først halvveges forbi blei han merksam på ein møtande bil der det sat to eldre damer. Han styrde bilen mot grøfta for å unngå front mot frontkollisjon.

Dømd til fengsel

Etter samanstøyten vart bilen til den unge mannen kasta opp i lufta og landa på taket, medan den møtande bilen trefte bussen og vart dregen bakover i bussen sin køyreretning. Fire personar blei sende til sjukehus etter ulukka som skjedde på vegen mellom Olden og Innvik i Nordfjord.

Ei eldre kvinne i den møtande bilen blei alvorleg skadd. Den unge mannen blei nyleg dømd til 18 dagar i fengsel etter ulukka. Denne dommen er no anka til lagmannsretten.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Farlege forbikøyringar

FARLEGE FORBIKØYRINGAR: Sjå UP sine eigne videoar av farlege forbikøyringar.

Sterkt prega

Ekspressbussjåføren er nesten dagleg på vegen og køyrer ruta mellom Stryn og Førde. Fonn seier han var sterkt prega dagane etter ulukka.

– Det var første gong at nokon har krasja fordi dei skulle køyre forbi bussen min. Dei første dagane var eg prega, men eg kom fort igang med køyringa og fekk god oppfølging, fortel han.

Vi er redde og irriterte

Ei undersøking Norstat har gjort for Storebrand, viser at mange nordmenn har opplevd farlege forbikøyringar dei siste fem åra. 64 prosent av dei spurde svarar at dei har opplevd det. Berre ni prosent seier at det det var på grunn av eigen forbikøyring.

I ei undersøking frå forsikringsselskapet IF, meiner ni av ti at slik åtferd er noko av det som irriterer dei mest i trafikken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Folk tek store sjansar

Sjølv om Bjørn Fonn til vanleg opplever kvardagen som bussjåfør som fin, er det ein del situasjonar han kunne vore utan.

– Det er spesielt forbikøyringar eg fryktar. Eg ser ofte bilar som har veldig stor fart, og eg er redd dei kan komme ut av kontroll, seier han.

Bussen han køyrer er inga sinke i trafikken. Men sjølv om han køyrer det fartsgrensa tillet, merkar han at mange vil forbi.

– Dei køyrer kanskje forbi bussen rett før ein sving eller i ein sving. Nokon gjer det også før ein bakketopp. Det er enkelte som berre må forbi, og dei bryr seg ikkje om det er råd å køyre forbi eller ikkje. Eg meiner at mange tek store sjansar.

Sjølv om han seier han ikkje er redd, så er dette noko han tenkjer ein del på.

– Før eg går på jobb om morgonen, håper eg at et ikkje skal møte ein aggresiv forbikøyrar eller bli involvert i ei ulukke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Liten del at totalen

Hans Olav Hellesøe

ANALYSERER ULUKKER: Hans Olav Hellesøe forskar på ulukkesstatistikk.

Foto: Giselle Jensen

Men sjølv om mange har opplevd uvetig køyring, så utgjer forbikøyringsulukker ein liten del av det totale talet på ulukker langs vegane i Norge.

Senioringeniør Hans Olav Hellesøe i Statens vegvesen er leiar i ei gruppe som analyserer trafikkulukker. Tala hans viser at det frå 2006 til 2010 var 87 ulukker med hardt skadde og drepne. På desse åra har det totalt vore 45 000 ulukker på norske vegar. Andre typer møteulukker skjer fordi folk held på med andre ting, er uoppmerksame, sovnar eller er rusa.

Har lågare risikoforståing

Men Hellesøe forstår at mange fryktar nettopp farlege forbikøyringar. Han har sjølv vore vitne til hasardiøse passeringar.

– Det er mykje stygt å sjå, men mange er heldige og har marginane på si side. Men det skjer likevel ulukker og folk oppfattar dette som veldig skremmande. Det rammer uskuldige menneske som er ute og køyrer bil. Ved forbikøyringar er det ofte høg fart involvert. Folk som bryt ut av køen har ei lågare risikoforståing enn andre og vel å ta ein sjanse fordi dei er leie av å liggje bak.

– Har fått frysningar på ryggen

I følgje statistikken til Hellesøe er det menn i aldresgruppa 35-55 år som i hovudsak køyrer forbi, i tillegg til unge menn.

– Eg har sjølv fått frysningar på ryggen når eg har sett folk som køyrer forbi der det eigentleg ikkje er mogleg. Eg ville iallefall ikkje køyrd forbi der.

Sidan 90-talet har talet på ulukker, skadde og drepne gått ned i Norge. Hellesøe meiner ei av årsakene er at Utrykningspolitiet har meir fokus på det og har fleire kontrollar.

– Politiet jobbar taktisk med å fjerne desse frå trafikken ved å ta frå dei førarkortet og gi bøter.

500 bøter i året

I 2010 skreiv UP ut 472 førelegg for farlege forbikøyringar. Talet plar liggje på rundt 500 i året. Ser politiet at du køyrer forbi der du ikkje burde, ventar ei bot på 5200 kroner. Dei grovaste tilfella hamnar i retten.

Leon Nordanger

UP-SJEFEN: Leon Nordanger og UP har fokus på trafikkfarleg åtferd.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Distriktsleiar UP, Leon Nordanger, seier at farten på vegane aukar når våren kjem. Han meiner ein del folk søkjer spenning.

– Nokre bilistar gjer det ganske tankelaust og køyrer forbi der dei ikkje burde. Andre køyrer hardt og meir kontrollert. Vi har ein god del bilistar som meiner dei har ein rett og plikt til å komme fortare fram enn andre. Men slik er det ikkje på vegane, seier han.

Vi har dårleg tid

UP ser at det i helgene er unge bilførarar som utfordrar skjebnen. Midt i veka er det ei anna gruppe.

– Då er det menn på 40-50 år med gode bilar som driv med denne type sport.

– Kvifor toler vi ikkje å liggje bak bilar som kanskje til og med held den lovlege fartsgrensa?

– Det er eit godt spørsmål. Vi har dårleg tid, vi skal fram og vi bereknar ofte at ein køyretur skal ta ei viss tid. Sjølv om alle veit at om ein køyrer litt under fartsgrensa, så taper vi ikkje mange minutt på det. Alt skal skje veldig fort i samfunnet vårt og eg er også skrudd saman slik at eg blir irritert dersom nokon ligg like under fartsgrensa.

Lag luke til bilen foran

Nokre bilistar er aggressive, medan andre meir passive. Nordanger har forståing for at ikkje alle tør å køyre forbi, sjølv der det er forsvarleg.

– Vi har mange typar bilar på vegane, og sjåførar i mange aldrar. Dei fleste seier at det er bil nummer to som lager kø, altså den som ikkje torer eller vil køyre forbi. Mitt forslag er å lage ei god luke til den bilen, slik at den som ligg bak deg kan leggje seg inn der.

– Har UP eit spesielt fokus på forbikøyringar?

– Vi har fokus på det vi kallar trafikkfarleg åtferd. altså å luke vekk dei som driv farleg sport i trafikken. Vi har investert i mange sivile bilar og motorsyklar rundt om i landet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lite å spare på tråkling

For på dagar med stor trafikk er det lite å spare på å tråkle seg framover i køen. Nordanger meiner at det einaste som skjer er at dei utset seg sjølve og andre for betydeleg fare. UP har mange videoar som viser kor nær mange er å bli treft av ein bil som kjem imot.

– Er det farlegare å køyre bil no enn før?

– Det er det ikkje. Talet på trafikkulukker går ned og det gjer også talet på drepne og hardt skadde. Det kan ha samanheng med betre bilar, men det har også med stor trafikkauke å gjere. På trafikkerte vegar skal ein ikkje vere mange sekund over den gule linja før det kjem bilar imot.

– Eg kan ikkje vere redd

Bussjåfør Bjørn Fonn set seg bak rattet i den store ekspressbussen. Trass i mange ubehagelege opplevingar på vegane, kan han ikkje vere redd.

– Nei, det kan eg ikkje vere. Då måtte eg ha funne meg noko anna å gjere, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå