Hopp til innhold

Frontkollisjon på fylkesveg 60

Fire personar til sjukehus.

Bilulukke fylkesveg 60
Foto: Jan Ivar Vik / NRK

Ulukka skjedde onsdag om lag klokka 16 på fylkesveg 60 på Holen, mellom Olden og Innvik. To personbilar og ein buss var involverte i ulukka

Prøvde å køyra forbi buss

Bilulukke fylkesveg 60

Bussen fekk ein bulk i ulukka

Foto: Jan Ivar Vik / NRK

- Det var to personar i kvar av bilane som frontkolliderte, og alle fire er sende til Førde sentralsjukehus. Tre er lettare skadd, og ein vart sendt med luftambulanse, seier operasjonsleiar Inge Verøy hjå Politiet.

Personen som vart sendt med luftambulanse er moderat skadd og sendt til intensivavdelinga på Førde sentralsjukehus, opplyser AMK-sentralen. Dei tre andre personane ligg til observasjon.

Den eine bilen prøvde å køyra forbi ein buss, og kolliderte då med ein møtande bil.

Beslaglagde førarkort

Bilulukke fylkesveg 60

Alle dei fire som sat i bilane, vart sende til sjukehus

Foto: Jan Ivar Vik / NRK

- Det var to menn i slutten av tenåra i bilen som prøvde å køyra forbi, og to damer i 70-åra i den andre bilen. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, men me har beslaglagt førarkortet til sjåføren av bilen som prøvde å køyra forbi bussen, seier Verøy.

Bussen fekk ein bulk i eine sida

Vegen forbi ulukkesstaden vart opna att klokka 1750.