Hopp til innhold

Vert utfordrande for butikkane i Førde

Frå 1. oktober vil det koste 26 kroner for ein personbil å passere bomringen inn til Førde.

Handelshuset i Førde

Handelshuset i Førde

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det blir ei utfordring for handelsstanden å sørge for at tilbodet er so godt at folk kjem sjølv om det vert bomring, seier prosjektleiar for Førdepakken, Arve Seger.

Senterleiar for Elvetorget, Anne Karin Steen, skulle helst sett at det ikkje vart bomring, men fokuserer no på kva som må gjerast.

Anne Karin Steen

IKKJE UROA: Senterleiar ved Elvetorget, Anne Karin Steen er ikkje uroa for at kundane uteblir når det kjem bomring.

Foto: Rein Design

– Vi kan ikkje drive å uroe oss, no må vi berre ta tak i situasjonen som den er og sjå kva vi kan gjere. Det viktigaste er at vi fortset å levere kvalitet, so trur eg kundane vil velje oss, seier Steen.

– Vi må kanskje bli betre på å samarbeide med resten av butikkane i Førde, for å få kundane til å kome hit i staden for andre plassar, so det vil vi fokusere på.

Ingen alternativ

Forskingsleiar ved Transportøkonomisk institutt, Aud Tennøy, trur ikkje bomringen kjem til å hindre folk frå å reise til Førde for å handle.

– Førde er ein av dei småbyane som har gjort veldig lurt i å samle det meste av handel i sentrum. Når handelen er so sterk innanfor bomringen, kjem folk til å betale 26 kroner, seier Tennøy.

Aud Tennøy

FORSKINGSLEIAR: Aud Tennøy meiner Førde har ein fordel ved å ha samla handelen i sentrum.

Foto: Svein Erik Dahl / Samfoto

Tennøy meiner at det er so få alternative stadar å handle i nærleiken av Førde, at folk kjem til å fortsetje å handle der uansett.

– Det er so langt å reise til andre stadar for å handle, so eg trur folk vil dra dit uansett. Og folk betaler jo bompengar i dei fleste andre byer, og det går no bra.

Forskingsleiaren meiner det vil hjelpe når folk ser at arbeidet med Førdepakken kjem i gang.

– Det er viktig at ein ser kva bompengane går til, og når det vert betre å ferdast rundt i Førde sentrum kjem nok dei fleste til å syns at det er verdt det, avsluttar Tennøy.