Hopp til innhold

Familien var budd på at dødsfallet ville få status som mistenkeleg

Familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet var budd på at dødsfallet til 22-åringen ville bli etterforska som eit mistenkeleg dødsfall.

Synne Catrin Øren

ADVOKAT: Synne Catrin Øren representerer familien til Veronica Heggheim Stegegjerdet, som vart funnen død i Barsnesfjorden sist fredag.

Foto: NRK

Jenta vart sist fredag funnen død i Barsnesfjorden. 22-åringen hadde då vore sakna i nær tre veker.

Tysdag sa politiet at dei etterforskar dødsfallet som mistenkeleg.

– Familien var budd på at dette ville komme, seier advokaten til familien, Synne Catrin Øren.

Var samla i går

Roser lagt ned ved Barsnesfjorden i Sogndal

FUNNSTADEN: Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen i Barsnesfjorden, kring ein kilometer frå heime hennar i Årøy.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Storfamilien var i går samla i Sogndal og reiste til funnstaden for å leggje ned blomar og tenne lys. I etterkant vart dei orienterte av politiet om siste nytt i saka.

– Familien har det tungt, men dei har god støtte i kvarandre. Dei er sjølvsagt i sorg, og prøver å få dagane til å gå medan dei ventar på svar, seier Øren og fortel at dei som politiet held alle moglegheiter opne.

– Det er sjølvsagt slik at det alltid vondt å miste sine kjæraste, men det er klart at omstenda i denne saka gjer sorga ekstra tung for familien, legg Øren til.

60 er avhøyrde

Politiet sa tysdag at det ikkje ligg noko dramatikk i at dei etterforskar dødsfallet som mistenkeleg.

Nils Erik Eggen og Asle Karoliussen

MØTER PRESSA: Politioverbetjent Nils Erik Eggen og regionlensmann Asle Karoliussen møtte pressa tysdag. Politiet vil også onsdag ettermiddag møte pressa i samband med Veronica-saka.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi har forhold knytt til dødsfallet som ikkje er avklara. Vi ser føre oss at det kan gå ein del tid før dei blir avklara, sa regionlensmann Asle Karoliussen då han møtte pressa.

Kring 60 personar har vore inne til avhøyr som vitne. Ingen har status som noko anna enn vitne i saka.

– Fleire er i utgangspunktet avhøyrde fleire gonger, og det vil også vere behov for å avhøyre vidare med tanke på å få mest mogleg informasjon, sa Karoliussen.

Rosar politiet

Politiet vurderer fortløpande om dei treng hjelp frå Kripos eller Sogn og Fjordane politidistrikt. Familien vil rose arbeidet som er gjort for å finne svar på dødsfallet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Funnstaden ved Barsnesfjorden

SAKN: Blomar, kosedyr og lys vitnar om ei stor sorg etter dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det vart gjort fleire omfattande søk i terrenget rundt heimen til jenta, samt søk i fjorden og i Årøyelva.

– Dei tykkjer det er gjort eit godt arbeid og er veldig nøgde med måten dei er tekne vare på og orientert av politiet, seier Øren.

Håpar på sikre svar

– Dei ser sjølve at politiet har hatt utfordringar. Også i forhold til søket og ulendt terrenget, legg advokaten til.

Mellom 15 og 20 polititenestemenn jobbar no med å få svar på kvifor kvinna drukna, og kva som fekk henne til å reise frå bustaden utan mobiltelefon, kredittkort og hunden hennar.

– Familien håpar at etterforskinga skal leie politiet inn til sikre svar, avsluttar Øren.