Hopp til innhold

«Det vil gå ein del tid før vi får svara»

Politiet har så langt avhøyrt 60 personar i samband med Veronica-saka i Sogndal. – Vi har forhold knytt til dødsfallet som ikkje er avklara. Vi ser føre oss at det kan gå ein del tid før dei blir avklara, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Nils Erik Eggen og Asle Karoliussen

MØTTE PRESSA: Regionlensmann Asle Karoliussen møtte pressa saman med politioverbetjent Nils Erik Eggen frå Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Silje Guddal / NRK

Politiet samla i dag pressekorpset til ein felles pressekonferanse i samband med det mistenkjelege dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) i Årøy.

Kvinna vart funnen død i Barsnesfjorden sist fredag, nær tre veker etter at ho sist var sett i live. Politiet vil ikkje kommentere den førebelse obduksjonsrapporten.

– Vi har mykje etterforsking framføre oss, og i den samband er det viktig å klare å halde informasjonen som ligg der på ein slik måte at vi kan gjere oss mest mogleg nytte av den, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Kommenterer ikkje rapport

Leiteaksjon etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

HAR SØKT: I tre veker har politiet etterforska forsvinninga og dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet i Årøy i Sogndal.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Regionlensmannen møtte i dag pressa saman med politioverbetjent Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje Eggen meinte politiet at det var ein naturleg måte å møte pressa på ettersom dei no har fått førebelse obduksjonsrapporten.

Politiet ville ikkje kommentere innhaldet i denne.

– Av omsyn til etterforskinga avstår vi frå å kommentere detaljar i rapporten. Det kan vanskeleggjere etterforskinga, seier Karoliussen.

Avhøyrt 60 vitne

Tidlegare tysdag vart det kjent at politiet etterforskar dødsfallet som mistenkeleg. TV2 melde måndag kveld at 22-åringen truleg døydde av drukning, og at ho vart funnen med ytre skadar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politiet møtte tysdag 18. november pressa for første gang i samband med det mistenkelege dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

SJÅ: Pressekonferansen i sin heilskap.

Mellom 15 og 20 polititenestemenn jobbar no med å få svar på kvifor kvinna drukna, og kva som fekk henne til å reise frå bustaden utan mobiltelefon, kredittkort og hunden hennar.

Dei vurderer fortløpande å få ytterlegare bistand frå Kripos og andre delar av Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Per i dag har vi avhøyrt 60 vitne. Fleire er i utgangspunktet avhøyrde fleire gonger, og det vil også vere behov for å avhøyre vidare med tanke på å få mest mogleg informasjon, seier regionlensmannen.

– Mengda av vitneavhøyr er naudsynt for å belyse forholda i brei skala, og vi har jobba veldig mykje med å få avklara perioden laurdagen til tysdagen. Mange er avhøyrde fleire gonger fordi det er viktig å punkte tidspunkt, forklarar Karoliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Den gamle trebrua i Årøy

SIST SETT: Veronica Heggheim Stegegjerdet likte godt å gå tur i terrenget i Årøy.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ingen er sikta

– Alle har status som vitne. Slik har det vore, og slik kan det også bli ei tid framover. Vi må sjå kva informasjon vi får, legg Karoliussen til.

Politioverbetjent Eggen presiserer at det ikkje er nokon i saka som har noko anna status enn vitne.

– Per i dag er det ingen mistenkte, og det er ikkje grunn til å gi nokon ein annan status, seier han.

Etterlyser tips

Politiet etterlyste måndag ettermiddag ei kvinne som i 18.30-tida vart sett med ein hund ved brua over Årøyelva.

Karoliussen seier denne kvinna ikkje har meldt seg, og at dei difor reknar med at dette er Heggheim Stegegjerdet.

– Vi har ikkje motteke noko informasjon som tilseier at dette kan vere andre enn Veronica. Truleg er det ho som gjekk tur med hunden på det tidspunktet, seier regionlensmannen.

– Tidkrevjande

Samstundes som politiet ber publikum om å komme med tips som kan kaste lys over aktiviteten i Årøy frå laurdag 25. oktober til kvinna vart meldt sakna tysdag 28. oktober, jobbar politiet vidare med elektroniske spor.

Karoliussen seier dette arbeidet er tidkrevjande.

– Vi jobbar vidare med mobiltelefonen og det står att ein del arbeid sett i forhold til den biten. Det er ein kontinuerleg prosess for å få tidfesta aktivitetar, seier han og ikkje vil kommentere spor verken frå telefon eller sosiale medium.

– Vi er heilt avhengige av å få informasjon i saka, som gjer at vi får fram dei opplysningar som er av betydning for å få fastlagt eit hendingsgang, skaffe kunnskap om perioden vi har fokus på og så får vi sjå kva som kjem fram etter kvart og kva det gir av avklaringar, avsluttar Karoliussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu