Hopp til innhold

Veronica Heggheim Stegegjerdet (22) er død

Det var 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet som vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal på fredag.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

VENTAR PÅ SVAR: Til venstre Veronica Heggheim Stegegjerdet. Til høgre køyrer Sogn gravferdshjelp sin bil vekk frå funnstaden i Sogndal.

Foto: Privat/Christian Blom

– Den omkomne vi fann på fredag mellom klokka 13.15 og 13.30 var Veronica. Identiteten er fastslått og pårørande er varsla, seier fungerande regionlensmann Asle Karoliussen

Fredag fann politiet ei død kvinne i Barsnesfjorden, i nærleiken av bustaden til kvinna som har vore sakna sidan tysdag 28. oktober og sist vart sett laurdag 25. oktober. Familien skildra det som ein veldig tøff dag, men venta som politiet på obduksjonsrapporten.

Ingen obduksjonsrapport

Sidan Heggheim Stegegjerdet vart meld sakna tysdag 28. oktober har det vore gjennomført omfattande leiteaksjonar og politietterforsking. Fredag vart Veronica funnen i Barsnesfjorden og frakta til Gades institutt i Bergen for obduksjon.

Lensmann Karoliussen seier politiet ikkje har fått ein skriftleg obduksjonsrapport.

– Det finst ingen skriftleg obduksjonsrapport endå, og dermed er det ikkje mogleg å kommentere han. Vi avventar vidare kommentarar til både den førebelse og endelege obduksjonsrapporten er klar.

– Sjølv om ingen skriftleg rapport er klar: Har de fått munnlege rapportar frå obduksjonsteamet?

– Nei, vi vil ikkje kommentere forhold knyta til obduksjon i det heile teke. Vi avstår til vi har ting vi kan gå ut med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Funnstad ved Barsnesfjorden i Sogndal.

FUNNSTAD: Her i dette området fann ein joggar Veronica fredag ettermiddag. Biletet er teke i dagslys på laurdag.

Foto: Halvor Farsund Storvik

Vil ikkje kommentere

NRK kunne fredag i dag fortelje at Veronica skal ha blitt utsett for trugslar og vald. Trugsmåla og valden ho vart utsett for skal ha kome frå eit belasta miljø i Sogndal.

NRK veit at politiet i Sogn har hatt eit ekstra fokus retta mot ein del personar i Veronica sin utvida omgangskrins etter forsvinninga. Fleire av desse har vore inne til avhøyr på Sogndal lensmannskontor.

NRK presiserer at ingen av dei som har vore til avhøyr i forsvinningssaka har status hos politiet som noko anna enn vitne.

Det har ikkje vore gjort fleire avhøyr i helga, og ingen vitne har endra status i løpet av helga, seier lensmannen.

– Og eg kan ikkje seie noko om vidare aktivitet på avhøyrsfronten. Eg vil heller ikkje kommentere noko om den vidare etterforskinga.

Han vil heller ikkje kommentere om dei mistenker at Veronica er utsett for noko kriminelt.

– Eg vil ikkje kommentere status eller forhold knyta til dette, seier Karoliussen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politiet gjorde funn av ei død kvinne i Barsnesfjorden i samband med leiteaksjonen etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNN: Til venstre, på andre sida av fjorden, vart Veronica funnen fredag ettermiddag. Til høgre køyrer politiet sin bil vekk frå funnstaden. Foto: Steinar Lote/Christian Blom

Etterforskinga held fram

Leiteaksjon etter Veronica Heggheim Stegegjerdet

BARSNESFJORDEN: Veronica vart funnen i Barsnesfjorden, midt på det indre bassenget, mellom Storeøyna midt på Barsnesfjorden og Årøy inst i fjorden.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK
Asle Karoliussen

ASLE KAROLIUSSEN: Fungerande regionlensmann.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Politiet har gjennomført omfattande etterforsking, og har ikkje planar om å trappe ned.

Vi held fram etterforskinga på same nivå, med same intensitet som tidlegare. Så får veka som ligg føre oss gje svar på dei spørsmåla vi kan få svar på, seier lensmannen.

Han seier politiet har planar for komande veke, men vil ikkje seie om dei oppbemannar.

– Det er ikkje riktig å kommentere enkelte delar av etterforskinga. Verken det som er gjort tidleg, det som no er gjort med obduksjon eller det som kjem framover.

– Kripos har hjelpt til både i Sogndal og med obduksjonen: Har de bede om meir hjelp frå Kripos?

– Nei, ikkje som eg kjenner til. Det er ikkje bede om meir hjelp enn den hjelpa vi har fått og som vi får, seier Karoliussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu