Danskane melde sjølv frå til politiet rundt klokka 18.30 fredag kveld. Dei sju var ute på fjelltur, men skal ha mista kompasset. Tett tåke i området gjorde at dei valte å slå seg til ro. Via mobiltelefon fekk dei kontakt med redningsmannskapet. Men på grunn av den tette tåka i området klarte ikkje personane frå Røde Kors å nå fram til danskane før laurdag.
- Står bra til
I følge politiet var ikkje danskane kledd for å overnatte i fjellet, men tilstanden skal etter forholda vere bra.
- Ut over at dei er våte og kalde, skal det stå bra til, seier Inge Verøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK Sogn og Fjordnae laurdag føremiddag.