Det er det australske tidsskriftet The Analytical Distance Runner som har ført statistikk og funne ut at ingen mann nokon gong har vunne fleire maratonløp enn Hafsås, som står bokført med 44 sigrar.
Imponerande
- Helge Hafsås har vunne halvparten av dei løpa han har sprunge. Det er imponerande, seier visepresident i den norske organisasjonen for kondisjonsidrett, Christian Prestegård. - Hafsås held eit veldig bra nivå på løpet sitt og har stabile tider.
Den 38 år gamle Nordfjordingen er overraska over at han toppar statistikkane. Men tykkjer sjølvsagt det er artig. Sigersrekka starta då han gjekk til topps i Hornindalsvatnet Maraton i 1994. - Det beste minnet har eg frå Ålesund maraton i år. Då gjekk det supert heile vegen og eg sette ny personleg rekord, fortel Helge Hafsås.
Fekk pris
I går gav Organisasjonen for kondisjonsidrett, Kondis, den prestisjetunge John Hendens Minnepris til maratonløparen frå Olden. Prisen er oppkalla etter John Henden, som vart utsett for ei trafikkulukke og døydde, på veg til Trolløpet i Bergen i 1991.