Hopp til innhold

Jakta på det fullkomne biletet – heldt på å gå under

Thomas Morel vann prisar og blei trykt i internasjonale magasin. Sjølv greidde ikkje stjernefotografen å betala rekningane og hadde lyst å gjera slutt på det heile.

Thomas Morel

PERFEKSJONIST: Den prislønte fotografen Thomas Morel gjer nærast kva som helst for eit godt bilete, men er sjølv sjeldan nøgd. I ein ny dokumentarfilm vil han gi menn med psykiske sjukdom eit andlet. Her arbeider han under Nigardsbreen.

Foto: Pandora Film

– Det kjennest ukomfortabelt at noko så personleg skal visast på fjernsyn, men eg håpar det kan hjelpa andre.

Stjernefotografen Thomas Morel (29) gir psykisk sjukdom blant unge menn eit andlet. I ein ny dokumentarfilm fortel han ope og kompromisslaust om depresjonane som har forfølgt han i store deler av livet.

Like kompromisslaust går han fram for å ta det perfekte biletet – anten det er å smyga seg under ein isbre, frakta eit barnebasseng opp 1200 høgdemeter eller kasta hundre liter mjølk på profesjonelle dansarar.

Perfeksjonismen har gjort han til ein av verdas mest nyskapande fotografar, som har vunne prisar, blitt trykt i internasjonale tidsskrift, og er ambassadør for feinschmecker-kameraprodusenten Hasselblad.

Ann Kristian Flatland

EIN AV NOREGS FREMSTE: Bileta til fotograf Thomas Morel er eineståande. Det same er måten han arbeider på, som med skiskyttar Ann Kristin Flatland.

Foto: Thomas Morel

Men strevet etter det fullkomne biletet har òg gått på helsa laus. Morel kan vera så sjølvkritisk at det kan kasta han ut i eit svart tungsinn med sjølvskading og handfaste sjølvmordsplanar.

Skulle sjølv gjerne sett ein slik film

– Eg har slite sidan eg var ung. Den gongen tenkte eg det var noko gale og unormalt med meg. Eg skulle gjerne ha visst at du kan fungera fint sjølv om du har ei psykisk liding, og at det ikkje er noko skam i det.

Dokumentarfilmen, som er blitt vist på NRK1, følgjer Morel etter depresjonen. Der tøyer han igjen grensene på jakt etter det fullkomne. Fotografen trur ikkje at han kjem til å gå på den same smellen igjen, men han tek feil.

Ein slik film skulle gjerne Morel ha sett då han sjølv var ung.

– Det er akkurat noko slikt som kunne ha hjelpt meg. Hadde eg sett ein som opplevde suksess, samstundes som han sleit psykisk, hadde eg ikkje kjent meg så åleine. Det hadde gjort det enklare å akseptera sjukdommen.

Linda Berg-Heggelund

ROSAR OPENHEITA: – Du kan faktisk ha ein god jobb og fungera bra, samstundes som du har ei psykisk liding, seier generalsekretær Linda Berg-Heggelund i Mental Helse Norge.

Foto: Pressefoto

Kan hjelpa mange

Generalsekretær Linda Berg-Heggelund i organisasjonen Mental Helse Norge meiner det er avgjerande at kjende personar – artistar som OnklP, politikarar som Kjell Magne Bondevik eller kunstnarar som Morel – fortel om dei psykiske utfordringane sine:

– Ungdommen treng førebilete. Mange unge kjenner eit press om å vera vellukka, men har behov for å sjå at livet òg kan ha ei anna side.

At Morel fortel at han har ADHD med depressive episodar, trur Berg-Heggelund kan vera viktig for andre med tilsvarande diagnosar.

At han er ung og mann, er òg kjærkome, meiner generalsekretæren:

– Gutar og menn har ofte større vanskar med å snakka om depressive kjensler. Difor kan openheita til Morel hjelpa mange.

Thomas Morel på psykiatrisk sjukhus

SJØLVKRITISK: Thomas Morel pressar seg så hardt at han til slutt hamnar på psykiatrisk sjukehus. Men takka vera profesjonell hjelp og fast arbeid har han igjen kome seg ovanpå.

Foto: Pandora Film