Hopp til innhold

Ventar over 15 grader: Her kjem varmen inn over Sør-Norge

Mange stader vil gradestokken syne eit tosifra tal plussgrader onsdag, og det milde vêret vil halde seg utover kvelden og morgondagen.

Varme i januar

GODT OG VARMT: Varmluft kjem onsdag inn over Sør-Norge.

Foto: yr.no

Vêrmessig ser ikkje januar ut til å falle innom normalen. I staden for snø og minusgrader opplever mange mildvêr og grøne bakkar.

– På veg til jobb i dag så gjekk eg forbi nokre krokusar som såg til å skulle blomstre snart. Då tenkte eg at no har vi ein tidleg vår, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga i Bergen.

Klokka sju blei det målt heile 14 grader i Tafjord i Møre og Romsdal, og ei rekkje stader i det fylket blei det målt over 10 grader i dag tidleg. Rekorden for januar blei sett i nettopp Tafjord i 1989 med 17,9 plussgrader.

– I dag skal det vere svært mildt. Vi forventar at vi får dei høgaste temperaturane kjem til kvelden. Så temperaturane kan framleis stige, seier Fagerlid.

Mild vår langs kysten

Det ligg eit høgtrykk aust i Skandinavia, så frå Trondheimsfjorden og sørover blir det stort sett opphald. Det blir svært mildt, og den nedbøren som kjem, kjem som regn.

VG skriv i dag at sesongvarselet viser varmt hav langs heile kysten, men klart varmare i forhold til normalen jo lenger nord du kjem.

For dei som framleis ventar ein god varig vinterperiode, så kan den framleis kome. Men sesongvarsel varslar svært mild vår langs store deler av norskekysten.

Snøklokker

TRUR PÅ TIDLEG VÅR: I hagen til Ester Løvland er snøklokkene i ferd med å blomstre.

Foto: Ester Løvland

Det spirer og blømer

Hjå Ester Løvland i Kandalen i Gloppen er det onsdag 9,3 grader og snøklokkene trur at våren alt er komen.

– Eg skriv dagbok, og eg kan ikkje hugse at snøklokkene har vore så tidleg her før, seier Løvland.

Men også i fjor starta januar mildt, og Løvland fortel at 8. og 9. januar gjekk geitene ute i skogen.

– Men 10. og 11. januar fekk vi snø, og tre dagar seinare kom den endå meir snø. Så vinteren kan framleis kome seier Løvland.

Geir Ottar Fagerlid

HØG TEMPERATUR: Statsmetorlog Geir Ottar Fagerlid ved vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: Meteorologisk Institutt

Vêret normaliserer seg igjen

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid fortel at det milde vêret vil halde seg eit par dagar, før det igjen blir meir normalt januarvêr.

– Då ser det langt betre ut. Det milde vêret ser ut til å forsvinne, temperaturane går ned og vi kan kome ned mot null grader igjen. Det positive er at det vert lettare skydekke i morgon og på fredag kan sola gløtte gjennom, seier Fagerlid.